Puslingen sa for siden:
Jentene skal få folierte klesskap som eg har tenkt å style. Såg for meg ein stilig tapet på dørene, eller wallies. Men storesøster vil ha speil. :gal: Vrir hovudet veldig no, og prøver å komma på ein god idé. Ho ynskjer seg heilfigurspeil, og det kan eg jo forstå. Problemet er at det er ikkje noko ledig vegg å henga det på, og jenta er fast bestemt på speil på skapet. Er det mulig på noko måte?
Å festa eit vanleg speil på døra blir nok ikkje noko suksess, siden døra då sannsynlegvis faller av. Folie utgår, siden ho då må gjetta seg fram til kva ho ser i speilet. Speilfliser? Er det fint da? Og selger dei det endå? Dessuten blir vel det lika tungt som eit speil kanskje.
Nokon måte eg kan gleda ein 8- åring på så ho, antar eg, kan stå framfor speilet og beundra seg sjølv mens ho synger høgt og til tider skjerande falskt?