Bergensis sa for siden:
Er det nokon som har erfaring med dette setet?
Me har Britax Kid Plus og Cybex Solution X frå før. Me er egentlig nøgde med desse, men storesøster synes setet på Britax er hardt samanlikna med Cybex og foretrekker dette. Eg er ikkje heilt fornøyd med setebelteordninga oppe ved skulder på Cybex. Beltet detter lett ut av sporet og blir liggande feil. Her må me sjekke kvar einaste gong. På Britax blir det liggande riktig heile tida. Dessutan blir sidebeskyttelsen på Cybex litt langt oppe.
Me brukar no Britax som reservesete til små passasjerar. Snart skal Poden over i beltestol, og me vil investere i eit nytt. Eg ser dette setet kjem bra ut i testar, men lurer altså på om nokon har erfaring med det. Sitter barna ok? Passar det i alle bilar? Er det veldig tungt?