Det skal bakast pepperkaker på SFO i morgon, og eg blei pent spurt om eg kunne vere så snill å sende med glutenfri deig til jentungen. Det skal eg, men eg har aldri bakt dette før. :kremt:
Eg vil altså ha ei heilt vanlig oppskrift med vanlig mjøl - eg berre lagar den med glutenfritt. Tingen er at eg må ha ei GOD oppskrift for at glutenfrie kaker også skal bli gode. Smør må til med andre ord. Noko godt.
Blå: du nevner i annan tråd at du har oppskrift, så vil gjerne ha!! Men gjerne fra andre også :) Sirupen står i skapet og ventar...
Fordi heilt vanlig oppskrift fungerer fint. Berre ein byttar ut til riktig mjøl. Sånn er det med dei fleste kjeks og også svært mange kaker. Kvifor begrense seg til berre oppskrifter på glutenfrie pepperkaker, når det finst mange velprøvde med gluten. Dei er jo heilt like, bortsett fra at det blir brukt eit anna mjøl.
Har bakt glutenfritt ein del år nå og brukar som regel heilt vanlige oppskrifter :). Sjeldan eg googlar "glutenfritt" lenger. Eg ser heller på kva ingredienser det er i oppskrifta og vurderer om det blir godt... Ein del oppskrifter som er spesialsydd for cøliakere er rett og slett ikkje gode. Ein får også færre treff når ein legg til "glutenfritt" i søkeordet.
Eksempelvis lagar eg glutenfrie lussekattar, der eg berre har tilpassa familiens favorittoppskrift. Eg har også prøvd andre deigar til lussekattar, og der var ikkje forholdet mellom mjøl, melk og smør like god som den eg var van med. Så da er det betre å ta den gode oppskrifta i staden for ei halvgod "spesialsnekra" ei :D
(når det er sagt - du bidrar med deigoppskrift, og den er sikkert god, takk skal du ha :) )
Det er sant. Jeg gjør det mye jeg også, men jeg innbiller meg at i oppskrifter uten annet bindemiddel enn gluten, så vil det falle fra hverandre når man lager uten? (Jeg har et fjernt minne om kjeks som bare falt fra hverandre.)
DM: det har du heilt rett i altså. Derfor har eg ofte i ei spiseskei fiberhusk i tillegg til å bytte ut mjølet.
Generelt gjeld at alle oppkrifter med lite mjøl kan svært enkelt gjerast glutenfrie. Konfektkaker f.eks, eller heimelaga raspeballar, rømmegraut, eller kva det nå måtte vere der mjølmengden er liten. Det er ingen forskjell i smak og konsistens. Jo meir mjøl, og jo meir krav til elastisitet, jo større problem. Boller er vel det som er mest vanskelig trur eg. Kjeks kan nok vere litt vanskelig ja - det er vanskelig å bli kvitt den der litt tørre papir-smaken, men jo meir fett i kakene, jo betre.
Jeg synes toro fin kakemix gir best smak i kaker og kjeks. (Og så har jeg også et fjernt minne om at for mye fiberhusk gav en mer gummiert konsistens enn akkurat den sprø jeg ønsket. :knegg: )
(jo, men den er vaaaanvittig søt, og ho stig vaaaanvittig på det. men mulig eg berre har bomma på insulindosen dei gongene eg brukte den, og skylda på produktet.. men eg trur det er veldig søtt altså. At det er sukker i? Mulig eg tar feil).
Nåvel. Pepperkakeoppskrifter altså. Steinerskolen ja, kanskje det er den Blå har? Er veldig interessert i Blå si oppskrift, for Blå har ti poeng i oppskriftsboka si. Frå meg.
Tusen takk Busy :)
Eg måtte nesten få bakt kakene, og valgte Tine si oppskrift med smør og fløyte i. Det smakar i alle fall bra! Brukte ein del meir mjøl i, for dei blei så vått, men trur det er riktig nå. Deigen skal brukast i morgon, så da får den stå kaldt i natt. Men mor steiker sjølvsagt to klattekaker for å teste smaken :D
Satsar på fleire bakerundar. I helga tippar eg det blir mormor-baking, og da kan vi kanskje teste ut steinerskolen sine!
Foreldreportalen er i en flytteprosess, denne versjonen av FP er fortsatt under utvikling.
Hvis du vil svare i tråden, så kan du gjøre det her.