Velkommen, Gjest.

< Tilbake til oversikten | Hvem kan lese?

Å få mat i ein 3-åring

#1

Syrin sa for siden:

Ok, folkens, eg vil gjerne ha råd.

Har ei jente på 3,5 år som antagelig er typisk for sin alder; matlysten er veldig varierande, som regel fråverande. Ho har diabetes og cøliaki. Det betyr at ho bør absolutt ete mat slik at ho unngår å få føling (for lite sukker i blodet). Kveldsmat er f.eks eit problem. Et ho for lite kveldsmat MÅ blodsukkeret målast minst to gonger om natta. Eg har ein gong våkna av at ho har gått i insulinsjokk med krampe (ho ligg mellom oss i senga, det er tryggast). Skikkelig ekkelt, og det gjer at ein så inderlig skulle ønske at ho åt meir kveldsmat. Men eg vil for all del ikkje tvinge henne! Eg trur veldig på at mykje styr og fokus på mat gjer det heile vanskeligare.

Ho er veldig glad i "feil" mat, dvs. mat som gir rask blodsukkerstiging og som ikkje varer lenge, f.eks poteter, pasta (glutenfri åff kårs, men der finst ikkje glutenfri fullkornspasta :( ) og ris utan nokon form for innblanding av saus og tilbehør. Ho et aldri grønsaker. Never ever. Skal eg sette meir krav til dette f.eks?? Saus er ikkje godt, fisk er ille, men reint kjøtt, gjerne ein blodig biff er snadder. Likar ikkje brød noko særlig.

Ein ernæringsfysiolog på sjukehuset advarte oss mot å seie ting som "et opp den gulrotbiten du, så skal du få meir ris" (som ho gjerne vil ha). Det blir ikkje nett eit positivt syn på den gulrota. Den blir meir eit hinder for å få den ettertrakta kvite, fine risen.

Å forholde seg til cøliaki syns eg er lite problematisk. Det er i grunn berre ei tilvenningssak og vi har uansett aldri brukt mykje ferdigmat. Eg er også veldig glad i å lage mat frå grunnen av. Einaste problemet er at cøliakikost er forholdsvis fiberfattig, og det er nettopp det ho treng for å holde blodsukkeret stabilt. Så vi har ei lita ekstra utfordring der.

Eg ser for meg ei endelaus rekke av nattlige oppvåkningar med blodsukkermåling... :(

Er det nokon som har nokre gullkanta tips? Både gode råd til pedagogikk og til gode oppskrifter som får "likar issje"-barn til å ete (gjerne med gluten, eg kan som regel trikse og mikse sånn at det blir glutenfritt).


#2

Propella sa for siden:

Kan du vente med å gi langtidsinsulinet til etter at hun har spist? Sånn at det ikke blir krise hvis hun likevel ikke spiser. Hva med en smoothie, liker hun det?


#3

Syrin sa for siden:

Linda: ho brukar pumpe og får ikkje langtidsinsulin :) vi gir alltid insulin etter at ho har ete, og har justert basaldosen veldig langt ned. Muligens må vi enda lengre ned; har fått høyre frå sjukehuset at i praksis skal ho kunne gå utan mat ein heil dag utan å få føling.

Vel vel, i dag til middag åt ho pommes frites, og vi fekk henne til å ta ein liten kjøttbit.. :mumle: Ho sovna på armen min her før kvelden, vi målte henne og ho var i 3,1. Rista henne litt våken og fekk i henne yogurt med havregryn i.

Smoothie har vi enda ikkje prøvd; men er ikkje det masse sukker (frå frukt)i då? Nokon som har gode oppskrifter på smoothie?

Kva gjer de andre mødre for å få vriompeisar til å ete maten sin?


Foreldreportalen er i en flytteprosess, denne versjonen av FP er fortsatt under utvikling. Hvis du vil svare i tråden, så kan du gjøre det her.