Velkommen, Gjest.

< Tilbake til oversikten | Hvem kan lese?

Kvitevarer frå utlandet

#1

Syrin sa for siden:

Vi bygger hus. Ser at det finst folk som har god erfaring med å importertere kvitevarer frå Danmark/Tyskland/Nederland. Er det nokon her inne som har gjort dette? Da snakkar eg om å bestille på nett og få det sendt - ikkje reise ned og hente (for det gidd eg ikkje).

Moms skal bli trekt fra i landet varen blir kjøpt, og norsk moms leggast til ved import. Dansk moms er nesten den same som i Norge, i Tyskland er den vel 19% trur eg. Uansett -det utjevnar seg nesten. Så kjem toll og frakt i tillegg. Likevel sparer ein fleirfoldige tusen. Reklamasjonsrett kan kanskje vere eit argument imot, men eg veit at f.eks Siemens får ein reparert i Norge, uavhengig av kor ein har kjøpt varen. Eller tar eg feil? Garantien skal jo gjelde uansett? Vår Tv er f.eks kjøpt via nettbutikk - då den trong reparasjon blei vi berre sendt til ein reperatør her lokalt.

Eg skulle f.eks meir enn gjerne hatt denne platetoppen med to fleksi-soner frå Siemens, som tilfeldigvis er den dyraste dei har - skulle du sett... :sukk:
[img]http://media2.siemens-home.com/Files/Siemens/No/no/ProductFiles/ProductImages/EpsImages/MCSA048786_EH975SZ11E_def.eps?Width=550[/img]

Den kostar mellom 16 000 og 19 000,- i Norge, takk skal du ha. Eg har sjekka mange plasser (og har da fått den inn i ein pakkepris - slik at eventuelle rabattar skulle komme fram). Heilt uaktuelt å bruke dette på ein platetopp!! Men dansk pris er litt over 9200 norske - straks bedre, sjølv om det framleis er dyrt. Og når vi også skal ha oppvaskmaskin, kjøleskap, ovn og muligens også dampovn med varmeskuff (ikkje av toppmodellane her, litt finger i jorda har vi), så blir det MYKJE å spare. Det er snakk om tusner. Frakt kostar sjølvsagt noko, men ikkje titusner. Og det blir levert på døra. Jupp.

Er det nokon som ser ein hake ved dette, som eg ikkje ser? Bortsett frå at ein ikkje støttar norske butikkar da - den ser eg.


#2

Syrin sa for siden:

Kan jo oppdatere denne tråden med å fortelle at vi bestilte platetoppen (den over), ovn, oppvaskmaskin, kjøleskap, tørketrommel og vaskemaskin, det meste frå Siemens. Varene kom i går. Vi har spart ein del tusen på dette, først og fremst på platetoppen, men også på alle dei andre varene. Frakt kom på 4500 (og eg sparte fortsatt pengar)....

Dansk moms blei trekt fra i butikken, og så betalte eg norsk moms når varene kom til landet (norsk og dansk moms er nokså lik, så dette går litt opp i opp). Ingen viderverdigeter med det. Blei oppringt av fraktfirma i Norge, eg oppga epost, og fekk ein faktura tilsendt. Betalte den i nettbank, og så sto varene på døra nokre dagar etter. Nå surrar og går tørketrommelen der ute :D


#3

Slettet bruker sa for siden:

Stilig. Vi gjorde det der da vi kjøpte barnevogn. Kjøpte i Tyskland, fikk den sendt til Sverige og hentet den der. Sparte flere tusen.


#4

meisje sa for siden:

Vi har hvitevarer fra Nederland. Prisforskjellen var betydelig påkjøpstidspunktet. Husk å forhandle på pris også derfra, for liste prisen ligger gjerne 30 % over den prisen man kan få.

Ulempen er reklamasjonsretten som da blir kortere.


#5

Syrin sa for siden:

Det med reklamasjonsrett er vel det som er litt ukjent her. Eg veit ikkje korleis dette er i Danmark.
Og så veit eg at dersom ein importerer armatur frå utlandet, f.eks Hansgrohe, så Hansgrohe Norge uansett ansvarlig for kvaliteten om feil skulle oppstå. Produktet kan dermed sendast dit, og ein får nytt. Eg mistenker at det samme gjeld kvitevarer, dvs. at Siemens i Norge er ansvarlig for Siemensprodukt i Norge, enten dei er kjøpt her eller der. Men korleis dette heng saman med reklamasjonstid - det veit eg ikkje.



Foreldreportalen er i en flytteprosess, denne versjonen av FP er fortsatt under utvikling. Hvis du vil svare i tråden, så kan du gjøre det her.