Syrin sa for siden:
Noko her inne som forstår kva ein spegel er? :knegg:
(men om ein tenker svensk eller tysk, forstår ein vel).
Nok om det. Eg ønsker meg lampar i spegelen på nytt bad. Tanken er å få ein spegel over heile veggen (vi bygger med to små bad), og sette to lampar inn i spegelen; ein på kvar side for best mulig lys. Det blir spottar i taket elles.
Er det nokon som har tips om fine slike lampar? Eg har sett på Mini glo ball frå Flos, og syns den er kjempefin, men eg finn også advarslar om å ikkje kjøpe baderomslampe på utanlandske nettsider som ikkje er godkjendt i Norge. Men denne er vel det vel? Flos er jo eit stort og bra merke? Nokon som har den? Eller har andre tips?