Etter ei lita økt ute, så er pallekarmar plassert og nesten klar til å få leca steinar, jord og gjødsel oppi. Og plantar.
Me vil ha poteter, gulrøter andre grønsaker og urter her ute.
Ser kjedelig ut no, men eg håpar at det blir betre om litt. Forslag til kva me kan ha her, samansetningar osv osv ?
Eg veit at minst ein av dei skal ha poteter, lila gulrøter har ungane bestilt og eg vil ha nokre vanlige og.
( må me ha fleire pallekarmar ? )
Har du tenkt å gjera noko for å unngå dyr på salaten ? Me prøvde oss på salat i fjor med eit elendig resultat.
No er karmar flytta til ein meir solrik plass ( sjølv om det ikkje ser slik ut på bilete, og me vurderer å sette opp levegger mot eine naboen ) så me håpar på litt betre avling i år.
Tagetes har eg lest og fått tips om, så det må og skrivast opp. Takk for påminninga.
Akkurat no står det lilla gulerøter, persillerot,vårløk, brokkoli, sjalottløk og kålrot på lista. I tillegg til poteter og jordbær.
Trur me må ha litt fleire pallekarmar eg :knegg: