Vi har gjort det innredningsmessige sjakktrekket å ha gjesterolle/tv-stove i same rom, for å sleppe å ha tven i stova. Stort sett er eg godt nøgd med denne løysinga, men ikkje akkurat i kveld. Vi har nemlig overnattingsgjester som er i bryllup, og som dermed ikkje underheld oss, medan sovesofaen på tv-stova er ei oppreidd dobbeltseng med alle tinga til gjestene våre oppi. Sidan eg saknar tv i kveld, lurer eg på:
Kor kan eg streame tv/laste ned film til iPad, lovleg? Eg betaler gjerne, men kan godt tenke meg å kunne kjøpe einskildfilmar, ikkje måtte teikne langvarige abonnement ala voddler/ TV2sumo. Finnst det nokon slike apper eller nettsider?
For å leie film på iTunes går du bare inn på iTunes, velg movies (helt nederst på skjermen), trykk på filmen du vil ha, og trykk der det står rent. Så må du taste inn passordet, og da kan du se film.