Velkommen, Gjest.

< Tilbake til oversikten | Hvem kan lese?

Tips: Al Gores "An inconvenient truth"

#1

Syrin sa for siden:

Vil berre tipse om at det i morgon ca. klokka 22 på TV2 kjem ein veldig bra dokumentar. Den har vore omstridt i USA, dels fordi amerikanerane har ikkje heilt tatt inn over seg miljøproblema ein står ovanfor, dels fordi det er politikeren Al Gore som formidla budskapen.

Ein kan seie mykje om Al Gore og kva hensikter som ligg bak denne filmen. Men eg må seie at eg vart svært imponert når eg såg filmen første gongen, rett og slett fordi eg fekk inntrykk av at mannen faktisk meinte alvor, og fordi han heile tida søkte til ekspertane, til vitenskapen og heile tida søkte etter bevis. Og den er IKKJE kjedelig og langdryg. Dette er heller ingen dommedagsfilm. Den tar opp alvoret i full skala, men viser også at det faktisk er mulig å komme seg ut av hengemyra.

Igjen, eg anbefaler filmen sterkt; vi var fengsla begge to (meg og mannen min), og har hatt mange diskusjonar rundt filmen i etterkant. Veldig bra!

Sjå også: www.climatecrisis.net/


#2

Clubby sa for siden:

Knall bra


#3

HP sa for siden:

Veldig bra foredrag/dokumentar, anbefales!


Foreldreportalen er i en flytteprosess, denne versjonen av FP er fortsatt under utvikling. Hvis du vil svare i tråden, så kan du gjøre det her.