Eg fekk aldri sett den på kino, så eg hadde gleda meg litt til den. Men var samtidig litt skeptisk. Sandberg sine filmar kan vera rare.
Men denne var ikkje rar. Berre søt og herlig. Om dei to som strevar med sitt, der ting blir gjort slik dei blei for lenge sidan. Vart både rørt og imponert.
Jeg har hatt veldig lyst til å se den, har en forkjærlighet for ekte fortellinger gjerne om litt gammelmodige eller tradisjonelle levemåter. I går prioriterte vi filmkveld, men filmen dokumentaren ligger på boksen til en kveld det passer bedre.
Likte den så godt, husket plutselig alle de gamle i familen, nøysomme og med hender i arbeid til det siste. :hjerter: Det er så ulikt slik vi lever nå.
Ho Magnhild kjente eg til frå før av, men Ole hadde eg ikkje høyrt om. Eller tenkt over. Ser han jo ute på bøane, men har rett og slett ikkje tenkt over at han var aleina og gjorde alt arbeidet på gamlemåten.
Og så likte eg åpningsbildet så innmari godt. Der ein ser utover fjord og fjell.
Eg såg siste halvpart ca, nydeleg film, må prøve å få sett heile ein gong. Vart så rørt av Ole og hans forhold til dyra, hugsar så mange slike bønder frå då eg jobba som avløysar, som verkeleg var glade i dyra sine og jobba på gamlemåten på bøen. :hjerter:
Eg har ikkje fått med meg at filmen fantes før, og det burde eg jo, er ikkje så langt herifrå eigentleg.
Jeg likte også filmen kjempegodt. Utrolig imponert over det arbeidet som ble nedlagt på begge steder. Fantastisk samspill mellom mor og datter, og mellom mennesker og dyr.