Eg skal om ei lita stund setta i gong med å hekle ein jakke til meg sjølv. Men eg har problemer med å finna det rette garnet. Dette er jakken eg skal hekle. Eg ser for meg ein mosegrønn farge.
Men kva garn ? Drops sitt baby alpaca silk, er det garnet eg hadde lyst til å bruke, men det er for tynt. Men det er så mjukt og fint. Garn som har rett tjukkelse ( dk ) har ein tendens til å vera litt matte. Eg vil helst ha alpaca og silke :glis:
Har sett på drops, dale, sandnes og pt garn. Og Hillesvåg sitt.
Sandnes sitt alpakka garn er kanskje det som er nærmast det eg er på jakt etter ?
Viking garn sitt silkealpakka er tykkere enn drops sitt, og det er ganske blankt igjen fint. Tror det finnes i mosegrønn også, om jeg ikke husker feil.
Eg fekk kjent på sandnesgarn sitt alpaca og falt heilt for det.
Orginalgarnet var frå utlandet og eg turde ikkje heilt å bestille det når eg ikkje hadde kjent på det. Garna som de nevner skal sjekkast ut. Eg har ein liten mistanke om at det kan bli fleire slike jakker.
Foreldreportalen er i en flytteprosess, denne versjonen av FP er fortsatt under utvikling.
Hvis du vil svare i tråden, så kan du gjøre det her.