naima sa for siden:
Vi skal ønske oss ryggsekk til jul. Den skal brukast til "søndagsturar" med to barn som p.t. er 4 mnd og 2.5 år - med andre ord må den ha plass til ein del skiftetøy i tillegg til mat og drikke, og det er fint om den har to store rom (vertikalt eller horisontalt delt) pluss ei lomme eller to til nøkler og lommebok. Dessutan vil eg ha ein sekk med plass til liggeunderlag på tvers, anten festa med stabile reimer slik at det ikkje sklir og blir liggande skeivt, eller under topplokket. Alskens festepunkt på utsida av sekken ser eg ikkje heilt poenget med, sjølv om det såklart ser sporty ut om vi har nokre drikkekoppar og ei øks tilfeldig dandert der.
Vi som skal bære den er 160 og 190 cm og den må kunne brukast av begge (det blir nok dog mest eg (160) som kjem til å bære den). Eg trur ikkje sekk med meis (det er vel ikkje meis lenger, men sånne justeringsskinner) er tingen, det er vel tungvindt å justere om vi bytter på sekken og bæremeisen undervegs. Men elles aner eg ikkje heilt. Tips til ein sekk som oppfyller alle krava, eller til kva merke vi bør sjå etter? (Den må kunne kjøpast i norsk fysisk eller nettbutikk.)