Velkommen, Gjest.

< Tilbake til oversikten | Hvem kan lese?

Musikkutstyr til Mac

#1

Palmen sa for siden:

Mannen ønsker seg keyboard han kan koble opp mot Mac'en for å lage musikk. Har noen av dere vært borti dette og kan komme med en konkret anbefaling til keyboard? Har sjekket applestore og de varierer jo mellom 600 og 3000 kroner, men jeg vet ikke om det betyr at dyrere er voldsomt mye bedre?


#2

Didjeridust sa for siden:

Skal han ha keyboard som lagar lyd i seg sjølve, men som kan styra program i/styrast av MAC, eller er det mest aktuelt med eit reint MIDI-controller-keyboard?

Er litt info å finna her


#3

Palmen sa for siden:

Kan du oversette det til en som ikke kan noe om elektronisk musikkmaking?


#4

Didjeridust sa for siden:

For å setja opp nokre grunnleggande parametre for kva ein kan velja:

  • Med lyd eller berre controller?
  • Storleik, dvs: Kor mange tangentar? 32, 49 eller 88 er dei vanlegaste alternativa
  • Berre tangentar eller med controller-knappar til styring av parametre i program?
    Utover det vil det vera skildnad på korleis tangentane kjennest: Dyrare brett vil ofte ha meir pianokjensle i tangentane og fleire høve til anslag og trykkvariasjonar(after-touch)

Men alt dette avhenger av kva bruken skal vera.


#5

Didjeridust sa for siden:

Du kan bruka eit keyboard til å spela inn ting internt i MAC'en - dvs lyden vert generert av programvare og keyboardet treng då ikkje kunna laga lyd i seg sjølve.

Eller du kan la eit MIDI-program i MAC'en styra keyboardet - dvs MAC'en speler på keyboardet, ut frå korleis du har programmert han, i staden for at du speler på tangentane - då må altså keyboardet kunna generera lyd.

Sistnemnde typen kan nyttast på same vis som fyrstnemnde, men vil vera dyrare i og med at han inneheld lydgeneratorar, forsterkning/lydhandsaming og ofte høgtalarar.

Reine controller-keyboard kan vera enkle, med berre tangentar og modulasjonshjul(og gjerne ein knapp til styring) eller meir avanserte med fleire skru- og skyveknottar til å stilla på lydeigenskapar i programvara i MAC'en.


Foreldreportalen er i en flytteprosess, denne versjonen av FP er fortsatt under utvikling. Hvis du vil svare i tråden, så kan du gjøre det her.