I samband med åpninga av Litteraturhuset i Bergen, kjem ekteparet Hustvedt/Auster til Bergen første helga i februar. Eg har sutra litt over at eg ikkje kan reise, men i dag fann eg ut at dei skal til Oslo og. Eg kjenner gledestårene presse på!
Den har eg ikkje lese, men med unntak av The Summer Without Men, har eg likt alt eg har lese av henne veldig, veldig godt. Og det mannen skriv! Eg gleder meg!
Likte dere ikke The Summer Without Men? Jeg må innrømme at den traff meg midt i hjertet, men kanskje litt pga situasjonen min akkurat da jeg leste den.
Ho var grei nok, men ho var ikkje det eg forventer av Hustvedt. Ho verka på mange måtar halvferdig. Det eg synest gjer Hustvedt til ein god forfattar - normalt - er måten ho fletter inn filosofi- og kunstdiskusjonar i ei skjønnlitterær forteljing, på ein svært elegant måte. I denne blei ikkje slike diskusjonar ein del av heilskapen, det blei oppstykka og masete. Og det er litt synd for det er dette Hustvedt vanlegvis er god på. Eg hugser eg tenkte at både plottet og ramma for romanen hadde potensiale, men det verka som halvferdig hastverksarbeid som ikkje hang heilt i hop.
Godt poeng. Synd at det ikkje passer. Eg skal i alle fall! Eg hugser ikkje kva tid eg var i sentrum på kveldstid sist - eg lurer på om det var på bryllupsdagen vår i juli. :knegg: Eg gleder meg.
Jeg ser den egentlig, men den traff meg veldig pga livssituasjonen og jeg leste den helt sikkert med helt andre øyne pga det enn jeg vanligvis ville lest den. Dro med meg veldig mye av meg inn i historien, og jeg var i grunnen ikke veldig klar for filosofi- og kunstdiskusjoner akkurat da.