Velkommen, Gjest.

< Tilbake til oversikten | Hvem kan lese?

[Spin-off] God, norsk samtidslitteratur

#1

nokon sa for siden:

Etter å ha hissa meg litt opp i ein anna tråd, blei eg oppfordra til å komme med eksempler på nye, norske bøker som er gode etter objektive kriterier (og ikkje fordi dei er norske).

Nå som eg er heime og har eit tastatur å skrive på, vil eg trekke fram nokre titlar som har gjort inntrykk på meg dei siste åra.

Ingen må vite av Aina Basso (2008): Dette er Basso sin debutroman, ein kort, vakker roman om ei fjorten år gammal jente som veks opp på ein liten husmannsplass på 1700-talet. Boka skildrar kjærleik og vennskap, overgrep og redsle på ein svært gripande måte. Det er noko med det poetiske språket til Basso, som gjer at heile teksten blir svært sanseleg og nærverande. Når hovudpersonen tar tak i eit friskt, grønt blad og gnir det gjennom fingrane, er det nett som eg kan kjenne lukta. Desse intense og sanselege skildringane, gjer Ingen må vite til ei svært god bok. (Eg har andreboka til Basso, den brageprisnominerte Inn i elden, frå 2012 liggjande i bokhylla, men den har eg ikkje lese ennå).

Mnem av Simon Stranger (2008): Dette er ei bok eg meiner kan måle seg med forfattarar som Siri Hustvedt, Nicole Krauss, Jonathan Franzen og Haruki Murakami. Det begynner å bli nokre år sidan eg las Mnem, og eg trur boka begynner å bli moden for ei omlesing. Derfor limer eg inn noko eg sjølv skreiv, då eg akkurat hadde lese boka.

Simon Stranger har skrive ein roman med utgangspunkt i den fiktive byen Nem. Romanen har to hovudpersonar, Peter som blei født i byen i 1955, som er forfattar og kjem tilbake til byen for å skrive ei bok om historia til byen. Den andre hovudpersonen er Oliver, som var ein av grunnleggarane til byen, og som er i ferd med å miste hukommelsen sin. Medan Peter jobber seg bakover og forsøker å finne ut historia om byen, er det som hendte på 50-talet snart det einaste Oliver hugser. Byen Nem blei grunnlagt i 1955 av 5 unge studentar som hadde lese etikken til John Rawls. John Rawls sin filosofi tek utgangspunkt i at dersom ein skal kunne bygge eit perfekt samfunn, må dette samfunnet byggast av mennesker som ikkje veit noko om sin eigen posisjon i samfunnet. Romanen forteller historia om kva som gjekk gale i dette samfunnet. Samtidig forteller romanen om denne byen i dag.
Stranger har leiga ein arktiekt til å teikne byen og gatene og dette bybildet er sentralt både for struktureringa av romanen og sjølve handlinga. Romanen er bygga opp rundt gatene i byen, og gjennom å fortelle om kva som foregår i dei ulike gatene og husa klarer Stranger å konstruere ein roman full av store og små fortellingar om einskildpersonar, nokre av folka i husa blir presentert på få linjer eller som tilfeldig forbipasserande, medan andre av husa har ein historie som tek oss med på lengre fortellingar til tulipan-børskrakket i Nederland på 1600-talet eller til ein kjærleikshistorie frå Frankrike på 1700-talet. Den vakraste av desse små historiane er fortellinga om eit jødisk ektepar på gamleheimen i Nem.

Det som gjer denne romanen så spesiell er blandinga av sjangrar, fortellarar og fortellarmåter. Nokre av avsnitta om Peter er fortalde i du-form. Dette er med på å skape ein heilt spesiell form for nærleik til hovudpersonen, medan mesteparten av fortellinga om Peter sine undersøkingar i Nem har vanleg tredjepersonsfortellar. Innimellom kjem det dikt og teikneseriar og meir vitenskapelege skildringar, med utgangspunkt i korleis verda blei til eller korleis cellene i kroppen oppfører seg. Oliver si historie får vi først og framst fortald gjennom dagboka hans, der han skriver for å hugse. Til og med fortellinga om flygeøgla, som blir gravd opp på tomta der byen blir bygga, av nokre arkeologar på 50-talet, har fått plass i romanen.

Bakerst i boka finner vi eit oppslagsverk, der forfattaren forklarer ein del ord og uttrykk. Under oppslagsordet "totalroman" finner vi henvisningar til "ungdommelig overmot", "umulig" og "idioti". Og kan hende det er eit umogleg prosjekt Stranger gav seg i kast med for fem år sidan. Men det er langt i frå idioti, for sjølv om det kanskje er umogleg å skrive ein totalroman, er dette eit forsøk med eit veldig vellukka resultat.

Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg av Kjersti Annesdatter Skomsvold (2009): Dette var ei bok eg valde å lese, fordi eg syntest tittelen var så fin. Også dette er ein debutroman. Boka handler om Mathea Martinsen frå Haugerud, som slit med sosial angst og lev livet sitt inne i leiligheita si på Haugerud. Ho har aldri blitt lagt merke til, ikkje ein gong då ho blei truffe av lynet to gonger, i skulegården. Boka har eit leikande og humoristisk språk, sjølv om ho handlar om ei gammal og einsam dame. Dette er ei lett bok, og ei minneverdig lesaroppleving.


#2

Skilpadda sa for siden:

Så bra med konkrete anbefalinger. :) Jeg leser ikke det du skriver om Mnem nå, for jeg vil heller lese boken uten å ha noen bestemte forventninger, men det blir spennende å gå tilbake til det igjen senere.


#3

Pebbles sa for siden:

Carl Frode Tiller sine bøker - spesielt vil jeg anbefale Innsirkling og Innsirkling 2.

Han skriver på en måte som gjør at man kjenner det som skjer på kroppen. Man er tilstede i situasjonen. Jeg er impronert.


#4

Blå sa for siden:

Jeg må få anbefale fjorårets store norske leseopplevelse.

Helga Flatland "Bli hvis du kan. Reis hvis du må" og "Alle vil hjem. Ingen vil tilbake" om tre ungdommer fra samme bygd som verver seg og reiser til Afghanistan og om dem som blir igjen i Norge. Fantastiske bøker. Korte og lettleste, men veldig sterke.


#5

Røverdatter sa for siden:

Jeg må notere Helga Flatland og Simon Stranger til neste bibliotektur. "Simon Stranger" høres ut som en romanfigur selv.

Jeg har nemlig funnet ut at jeg ikke MÅ kjøpe alle bøkene jeg skal lese lenger. :flau: Det er fint å bruke biblioteket også.


#6

Skilpadda sa for siden:

Jeg kjøpte Mnem på ebok fra Haugenbok nå. :jupp:


#7

Toffskij sa for siden:

Aha, en ebok! :D


#8

venla sa for siden:

Så bra med konkrete tips! Har bare lest mindre bra bøker i det siste, så har ikke noe å bidra med.
"Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg" har jeg i bokhylla. Så den tror jeg skal begynne på nå.

Trondheim folkebibliotek omtaler forresten romaner og novellesamlinger som kommer på kulturfond. Leser der for å få tips selv, www.trondheim.kommune.no/ny-norsk-skjonnlitteratur/


#9

Billa sa for siden:

Levi Henriksen :)


#10

noen sa for siden:

Kjempefint med anbefalinger! Takk!


#11

nokon sa for siden:

Helga Flatland har eg ennå til gode å lese, men eg har fått begge desse anbefalt frå folk eg ofte deler lesesmak med, så eg har dei på lista mi.


#12

nokon sa for siden:

Så kjekt! Eg gleder meg til å høyre kva du synest!

Tiller skriv og veldig godt. Har du lese Skråninga? Den synest eg var veldig sterk.


#13

Wix sa for siden:

Jeg signerer Carl Frode Tiller, Helga Flatland, og Simon Stranger og høyner med Karl Ove Knausgård. Jeg liker også Trude Marstein og Mirjam Kristensen.


#14

Puslingen sa for siden:

"Bli hvis du kan. Reis hvis du må" var faktisk den første boka som fall meg inn då eg leste HI. Har ikkje lest oppfølgaren, men gleder meg som ein unge til eg får lest den. Har tenkt mykje på korleis det har gått med dei forskjellige me fekk møta i den første boka.


#15

Røverdatter sa for siden:

Takk for anbefalingen, Blå. :blomst: Det virket rimelig trygt å ta et boktips fra deg i grunnen, og det var jo selvsagt suksess. Jeg har lest den første i et stort jafs i helgen og den var veldig bra. Nå angrer jeg bare (og lurer litt på hvorfor) at jeg ikke tok med begge bøkene hjem fra biblioteket. :sukk:

Mnem av Simon Stranger ligger forøvrig på vent.


#16

Blå sa for siden:

Takk Røverdatter. :rørt:


#17

Polyanna sa for siden:

For en fin tråd!! Tror den kom mens jeg hadde en pause i fjor. TENK hva annet jeg kan ha gått glipp av! :sjokk:


#18

nokon sa for siden:

:rørt:

Det er skummelt med pause.


#19

Xian sa for siden:

Jeg likte også veldig godt trilogien til Helga Flatland (spesielt de to første). Carl Frode Tillers Innsirkling-bøker er veldig gode, og jeg gleder meg til å lese nr 3.

Nina Lykkes Oppløsningstendenser som kom i fjor, er fantastisk! Jeg kan nesten ikke begripe at det er mulig å komme med en så morsom og velskrevet bok, og få så lite oppmerksomhet. (Den fikk gode kritikker, og var kortlistet til P2-lytternes romanpris. Men de færreste har hørt om den.)

Og så Tonje Røeds Skjønne utsikter. Etterpå kastet jeg meg over hennes første roman Udødelig med deg, men den ble jeg ikke så begeistret for.

Knausgårds Min kamp jeg godt.

Jeg er ellers en sånn surmaget en, som avskyr bøkene til Unni Lindell, Anne B. Ragde, Henrik Langeland, Tore Renberg (bortsett fra akkurat Kompani Orheim og Mannen som elsket Yngve. Og Jo Nesbø bare kjeder meg.


#20

Røverdatter sa for siden:

Den siste til Tore Renberg likte jeg godt. Helt annerledes enn alt annet han har skrevet.


#21

Xian sa for siden:

Jeg har den faktisk liggende, men har ikke orket å begynne på den. Men det skal jeg gjøre etter din anbefaling!


#22

Røverdatter sa for siden:

Får håpe du blir positivt overrasket da. :D


#23

Carrie sa for siden:

Den siste til Helga Flatland kan lånes digitalt på ebokbib.


#24

banana sa for siden:

Jeg synes at der er han tilbake til den gode gamle Renberg, slik de første romanene var (Mannen som elsket Yngve og Kompani Orheim).


#25

Røverdatter sa for siden:

Ja? Jeg syns den skilte seg markant fra de første bøkene også.

Jeg likte forøvrig de siste tre bøkene om Yngve også, jeg. Kompani Orheim er den jeg har likt minst til nå, så jeg skiller meg nok litt fra røkla der.


#26

Polyanna sa for siden:

Hva heter denne siste til Renberg, sier dere?



#28

Carrie sa for siden:

Den finnes også på ebokbib - kan lånes digitalt. :ja:


#29

Darth sa for siden:

Eg slår eit slag for Jan Roar Leikvoll. Han skriv (skreiv) dystopiske romanar, skikkeleg beksvart er det, men han har (hadde) ein verkeleg god penn. Eg har berre lest Fiolinane og Songfuglen.

Ei anna ny bok som eg likte godt er Våke over den som sover av Sigbjørn Skåden. Det er første boka han skriv direkte på norsk, og sjølv om boka er varierande, så er ho glimrande på sitt beste. Boka handlar om ein kunstnar som held på med eit kunstprosjekt (som me ikkje får vita noko om) i Kautokeino. Overgrepssakane frå Kautokeino heng som eit bakteppe.

Elles så heng eg meg på anbefalinga om å lese Tiller. Eg har lese alle tre, det er kvalitet heile vegen.


#30

Java sa for siden:

Jeg kan anbefale Vinternoveller av Ingvild H. Risøi. Tre vakre historier om kjærlighet.


#31

nokon sa for siden:

Åh, det høyrest ut som vi har lik smak. Oppløsningstendenser har eg fått anbefalt fleire gonger, men eg har ikkje lese ho endå. Tonje Røed er ny for meg. Henne skal eg sjekke ut.

Eg har ikkje lese den siste, men eg blei litt metta på Tore Renberg etter den tredje Jarle-boka (eg har bare lese dei tre første).


#32

nokon sa for siden:

Eg oppdaga Benedicte Meyer Kronenberg i vinter. Hvis noen ser meg nå er ei sår og sterk skildring av dei to tvillingjentene Vanja og Mona. Vi følgjer dei gjennom tre halvår, tidleg i puberteten, i studietida og i voksen alder. Boka handlar både om det å heile tida samanlikne seg med ein annan (som i utgangspunktet er heilt lik ein), om spiseforstyrrelsar og om å vere den "sterke" som klarer seg fint og må ta hensyn til ei sjuk søster. Eg blei særleg gripen av den første delen. Eg synest Kronenberg skildrer miljøet på ein ungdomsskule, all usikkerheita i forhold til kropp, popularitet, lausriving frå foreldre og liknande på ein veldig god måte.

Ei anna, relativt nyoppdaga perle er Anne Kyong-Sook Øfsti sin debutroman Si at vi har hele dagen. Denne handler om Rebekka som nyleg har mista søstera si Marion, etter lang tids sjukdom. Rebekka er i stor sorg og sidan ho dermed ikkje fungerer i jobben som familieterapeut, tar ho ut ferien på forskot. Dei to søstrene er adoptert frå Korea og ho reiser dit for å leite etter den biologiske mora til Marion, for å fortelje henne at dottera hennar er død. Boka er veldig nøktern og usentimental, til tross for eit plott som kunne vore fullt av klisjéar. Eg trur på Rebekka og eg trur på den reisa ho gjer.


Foreldreportalen er i en flytteprosess, denne versjonen av FP er fortsatt under utvikling. Hvis du vil svare i tråden, så kan du gjøre det her.