Jada. Hercules viser fram nye sider.
Hercules har no vert hjå oss i 3 veker. Han er ein litt sær katt, men har glidd ganske rett inn i kaoset her. Han sover stort sett, men kjem trakkande for kos dersom han synes det har gått litt for lang tid utan at han har fått oppmerksomhet. Kort og godt så er han er fin fyr, som alle er blitt glad i.
Å gje han mat er kjempeartig. Når eg har veid opp maten hans og snur meg med skåla i handa, så reiser han seg opp på to og gnir forpotane sine saman.
Men i natt viste han nokre nye kunster. Som ikkje var heilt som forventa.
Han er jo enno inne. Men han er veldig lysten på å gå ut. Så i natt, då mannen ikkje hadde huska å låsa døra så Hercules ein muligheit. Han hoppa opp og slo på dørhandtaket og dermed opna jo døra seg. Og ut forsvann han.
Eg fekk ein litt stressa mann inn på soverommet i dag tidlig. Han vakna til ein bikkjekald gang og ei inngangsdør på vis gap. Og ingen katt.
Heldigvis så dukka Hercules opp, utpå dagen i dag. Ikkje heilt villig til å komma inn, men eg klarte å lokka han inn med litt mat.
Jada, godt me har sikkerhetslenke på døra i tillegg. Den må nok brukast ein del framover.
Huff, da. Smart pus!
Kan dere ikke låse døren?
Er det like kaldt hos dere som hos oss, så kan jeg tenke meg det var friskt og godt når dere sto opp.:humre:
Gøy med katter som er kreative, selv om det kan blir for mye av det gode :knegg:
Er Hercules Siameser forresten? Vår Siameser låser opp ytterdørene i tillegg til å åpne dem og lukke dem etter seg, det er visst "vanlig" for den rasen :knegg:.
Hercules er nok ikkje siameser. Kva han er samansett av er uvisst, men siamesere er vel tynne og ikkje særleg tjukk pels på viss eg huser rett. Hercules er over 6 kg tung, stor hannkatt med masse pels.