Velkommen, Gjest.

< Tilbake til oversikten | Hvem kan lese?

Eit oppsummert Norge - Tv og endra vanar

#1

Syrin sa for siden:

Eg syns denne artikkelen var litt interessant - og da særlig dette heilt mot slutten. Desse tinga har eg tenkt på mykje dei seinaste åra. Grunnen er for det første at eg har ein mann som jobbar i denne bransjen, og gjennom han merker ein godt at media endrar seg veldig raskt. Dels også er grunnen at eg ser at våre TV-vanar er radikalt ulike dei eg er van med frå då eg var lita. Det er sjeldan at heile familien kroar seg saman i sofaen framfor tv, og vi har i alle fall ikkje pizza på bordet. Kanskje er vi to stykk som sit der, medan ein annan ser film på Ipad på kjøkkenet, og minstemann spelar Minecraft. Nyheter, morgonsendingar, barneprogram, Hver gang vi møtes og diverse ser vi på Ipad/Iphone samtidig som vi lagar mat, vaskar kle, et frokost, etc. Brukar NRK nett-tv og TV2 Sumo. Netflix har vi ikkje - enda. Eg ser faktisk aldri nyheter på TV. Eg foretrekk å ha det på ein liten skjerm med meg medan eg får gjort dei tusen tinga som trengs å bli gjort.

Kva gjer det med fellesskapsfølelsen for oss alle? Før gjekk ein på jobb mandag morgon, og "alle" hadde sett "vil du bli millionær" :knegg: Og så kunne ein snakke om det. Eller ein kunne alle vere i nesegrus beundring for ein eller annan idrettshelt, fordi heile nasjonen hadde sett det. Eg ser aldri idrett lenger. Fordi eg velger det bort. Og kva med alle program som ein såg, fordi ein ikkje hadde andre muligheter? Blir vi ikkje meir "smale" av å kunne velge fritt det vi helst vil sjå? Kanskje eg hadde hatt godt av å måtte sjå på eit økonomiprogram i ny og ne, fordi det ikkje var andre val? Tv er i alle fall ikkje folkeopplysning lenger - men kor er da folkeopplysninga? Er det slik at vi sjølv velger kva vi vil bli opplyst om? Treng vi ikkje folkeopplysning lenger?

Forøvrig: eg ser ikkje "Nytt på nytt" heller - og da er eg vel ille ute :knegg: Kanskje eg ikkje lenger er del av nasjonen.


Foreldreportalen er i en flytteprosess, denne versjonen av FP er fortsatt under utvikling. Hvis du vil svare i tråden, så kan du gjøre det her.