Forum for diskusjoner av nyheter og artikler. Husk å lenke til aktuell artikkel i første innlegg, så meddebattantene får mulighet til å sette seg inn i temaet.
Det er ei Meiningsutveksling om Vestlandet vs austlandet, som blei ei smule oppheita etter at det blei poengtert at det var viktigare med intercity utbygging på austlandet enn feriefri stamvei på Vestlandet.
Broene er fine, de drar turister - til og med fra Oslo. Men tunnellene skulle jeg gjerne vært forruten. Firefeltsveier inn til småbyer på vestlandet er også galskap.
InterCity vil ha positiv virkning også for oss på nordvestlandet hvis den dras helt opp til Lillehammer. Da kan vi få mer av eksporten vår over på tog (flaskehalser fjernes), og veiene våre vil ikke trenge så mye vedlikehold. Stopper man på Hamar mister du distrikspolitikkelementet i utbyggingen.
Hvis staten hadde sendt over nok penger til ferjene hadde det også vært mindre masing etter tunneller og broer.
Nope. Og Trondheim har bygd noen av sine veier fra fire til tre felt for å redusere privatbilismen.
Småbyer på vestlandet er Førde, Florø, Leikanger, Molde, Ålesund, osv. Byer hvor rushtiden varer fra 1550 til 1610, og hvor bystyret syns det er en god ide å sprenge hull i byfjellet for å lage parkeringstunnel.
Men litt alvorlig:
Eg trur det er ytterst få som ønsker at nasjonalstaten Norge skal opphøyra slik den er i dag. Dei aller fleste kjenner seg som nordmenn og har ein klar identitet her. Sjølv dei fleste bergenserar vil innrømme det trur eg ;)
Det dreier seg aller helst om fordeling av makt og midlar - typisk sett til samferdsleprosjekt. Dette er svært viktige spørsmål for alle, og det er ikkje berre flås at det er sterkt aukande misnøye med korleis pengesekken blir fordelt. Det nye er kanskje at Stavanger og Bergen har begynt å kjenne på at dei har ein felles ståstad i noko - byane som tradisjonelt ikkje har villa hatt så mykje med kvarandre å gjere. No ser ein i stadig fleire prosjekt at ein jobbar interkommunalt og interregionalt. Men til nå har ikkje dette fått skikkelig gjenklang politisk. Kanskje kjem det no etter kvart?
Oslo og austlandet har store utfordringar på samferdselssida dei og. Og rett skal vere rett: det er her hovedtyngda av folkesetnaden bur. Sånn sett kan ein seie at når noko ikkje fungerer i aust, så er pinsla større enn i vest/nord, fordi det går ut over så mange. Men utfordringa er at det ER pigadø store trafikale problem i og rundt dei andre store byane også, såpass at det kan ikkje berre feiast under teppet fordi ein har det så travelt med å fikse ting i Oslo-regionen. Og for å trekke det enda lenger; det angår oss alle at der er rasfarlege vegar i Sogn og Fjordane. Så kan ein seie at folk berre kan flytte derifrå, men eg syns det ei dårleg løysing. Eg meiner ikkje at folk skal bu på kvar ein holme og nes, men det er BRA for landet vårt, for turistnæringa og for kulturlandskap at det finst bygder. Gidd franskmannen feriere langs dårlege, milelange vegar med berre kratt, urskog og fråflytta bygder? Dei kan sjølvsagt dra til Austlandet, men det er verkeleg Vestlandet og Nordnorge som gir dei store landskapsperlene og wow-effekten. Det er her dei gjerne legg igjen pengane sine.
Eg ønsker eit Vestlandet (og Trøndelag, og Nordnorge) som står økonomisk friare. Eg ønsker sterkare regionar, og dermed noko svakare nasjonalstat. Men eg kjenner meg som nordmann, syns Oslo er ein fin hovedstad som eg gjerne besøker. Og det er ikkje sant at alle frå Oslo og austlandet er håplaust ignorante, men eg må innrømma at enkelte kan vere relativt navlebeskuande. Og det kan føre til at dei egentlig er temmelig likegyldige til kva som skjer på Vestlandet og i Nordnorge. Det er eit ikkje-tema. Det er eit stort gjesp, egentlig. Det blir litt som i brevet frå "Oslo" - med beskjed om at "dere fikk jo trekantsambandet, nå må dere være litt rolige noen år".
Og litt på sidelinja: Bergen skal vere litt forsiktig med å påklage seg det å ikkje bli forstått – dei har tradisjonelt sett seg som eit "herskarfolk" sjølv ;) Så kua må ikkje gløyme at ho var kalv ein gong. Det kan forsåvidt vere ei erfaring å ta med seg vidare.
Foreldreportalen er i en flytteprosess, denne versjonen av FP er fortsatt under utvikling.
Hvis du vil svare i tråden, så kan du gjøre det her.