Velkommen, Gjest.

< Tilbake til oversikten | Hvem kan lese?

Prosjekt påskekyllinger

#1

Hjertensfryd sa for siden:

Forventa klekkedato: 22.3.2013

Den 28 februar kom det 18 egg på døra. Sendt med il post over natta kunne det virke som. Me åpna pakka spent. Hadde dei klart seg eller var det berre eggedosis inni pakka ?
Skuffelsen steig etterkvart som me pakka ut lag på lag inni der. Det var vått og klissete. Noko hadde gått galt.
Då me tilslutt klarte å finna eggekartongen og åpna den, viste det seg at to egg var knuste. Ikkje verst i det heile tatt. Tørka dei andre egga godt og la dei til rette i nye kartonger for kvile i eit døgn.
Fredag 1 mars var alt klart for å legge 16 egg i maskina.

Me har med automatisk vending så eg slepper å huske på å vende egga to gonger om dagen. Det tar maskina seg av.

På dag 4 lyste me egga. Det går ganske så fort inni der. Av 16 egg er det 8 egg eg er heilt sikker på at det er liv inni. Alle egga skal sjekkast igjen no i helga. Då tar eg vekk dei første egga som det ikkje er liv i.

Slik som det er på det bilete, er det eg ser når eg lyser egga mine.

Her er alt som skjer inni egget den første veka.

( tekst og bilder er lånt frå Ladeoppdrett )

Dag 6:

Etter lysing av egg no i kveld er 5 tatt vekk. 3 var tomme og har dermed ( sannsynligvis ) ikkje vert befrukta. Eit var forurensa med blod ( ein ser ein blodflekk midt inni egget og ein ring rundt ) og eit var heilt svart. Det egget som var heilt svart inni, var det skumlaste. Når det blir slik er eksplosjonsfaren ganske så stor. Så det blei frakta med stor forsiktighet ut.

Men dei andre egga er det framleis håp for. Det er enno eit par som er usikker. Som de ser av det øverste bilete så er det to hønseraser eg har i maskina. Og dei kjempefine mørkebrune egga er det ikkje så lett å lyse. Så der har eg eit par usikre enno. Men dei andre. Vel, Live var heilt i ekstase. Å sjå inn i eit egg og sjå på at det beveger seg der inne er ganske så fascinerande. Det er liv inni der.

Dag 8: To egg, eg er ganske sikker på at det ikkje blir noko av. Ventar i nokre dagar til for å vera heilt sikker, før eg fjernar dei. Men eit av dei usikre viste seg å vera liv i :jippi:
Så av 16 egg, er me no nede i 11 og når eg fjernar dei to neste ( sannsynligvis ) så er me nede i 9 egg. Eg håpar eg slepp å ta vekk fleire då.

Dag 12: Eit egg til blei tatt vekk i går kveld. Er eit egg som eg ikkje er sikker på. Problemet er at skallet er så mørkt, så det er ikkje så lett å sjå gjennom det. Men i dei andre svømmer det små krabater rundt i. Særlig i egg 15 og 16 ( jada, dei er nummerert og veid før dei blei lagt inn i maskina ) Ein ser så tydelig den lille krabaten som svømmer inni der og jobber med å bli stor. Berre ei veke igjen til vendinga er over, temperaturen skal ned og fuktigheten opp. Me gleder oss alle så innmari til neste helg.


#2

Hjertensfryd sa for siden:

Dag 12: Eit egg til blei tatt vekk i går kveld. Så no er det berre 10. Er eit egg som eg ikkje er sikker på. Problemet er at skallet er så mørkt, så det er ikkje så lett å sjå gjennom det. Men i dei andre svømmer det små krabater rundt i. Særlig i egg 15 og 16 ( jada, dei er nummerert og veid før dei blei lagt inn i maskina ) Ein ser så tydelig den lille krabaten som svømmer inni der og jobber med å bli stor. Berre ei veke igjen til vendinga er over, temperaturen skal ned og fuktigheten opp. Me gleder oss alle så innmari til neste helg.

Fann ein video, som viser kva eg ser inni egget no. Eg har ikkje godt nok utstyr her heime, til å få det fram så klart på film eller bilder.

(Kilde:
(Kilde:
(Kilde: youtube.com)
)
)

Her er litt informasjon om kva som har skjedd inni egget den siste veka. No er det berre innspurten igjen :hyper:

( henta frå ladeoppdrett sine sider )


#3

Hjertensfryd sa for siden:

Då er innspurten i gong. Det er berre nokre dagar igjen til me forhåpentligvis kan studerer nokre små nøster. Er innmari spent no. 4 av egga, er frå Maran. Det er dei med det mørke mørke brune skallet. Desse har tjukt skall og det er derfor ikkje like lett alltid for kyllingane å komma seg ut. Eg håpar i det lengste på at det skal gå bra og er klar til å hjelpe ut dersom det er nødvendigt. Det har me gjort før, med hell. Ein skal i grunn ikkje gjera det, men dersom ein kylling har fått hull på eggeskallet, men ikkje kjem noko veg etter 1 døgn, så setter eg i gong med tiltak. Ein gong måtte me faktisk skrella heile kyllingen ut av skallet. Det gjekk heilt bra. Må berre bruka innmari god tid og passa på at ein ikkje river over nokre blodårer.

Men i dag ( dag 18 ) har eg tatt vekk vendaren, så egga ligg no heilt i ro. Temperaturen er skrudd ned 1 grad og fuktigheten er auka. Skal ha den heilt opp til 70-75% så det må litt prøving til, men det ser ut til at eg har klart det i løpet av dagen. Så no ligg alt til rette for dei små. På torsdag håpar eg å sjå nokre egg som ruggar på seg og kanskje piper litt. På fredag håpar eg at det kjem kyllingar.

Eg har gjort i stand ei webside der kamera vil vera satt på under klekking ( dagtid ) denne sida er no satt passord på. Dei som vil ha tilgang, gje meg ein lyd på eit eller anna vis. Det er berre ein forhåndsregel som me tar så ikkje kven som helst kan logge seg på.
Link til sida

Litt fun facts mens me ventar.
[LEFT] Dag 17: Kyllingen vender nebbet mot luftlomma i egget ( den butte enden) [/LEFT]
[LEFT]
[/LEFT]
[LEFT] Dag 19: Eggeplomme sekken vert absorbert (trekkjer seg inn) i kyllingens kroppshulrom. [/LEFT]
[LEFT]
[/LEFT]
[LEFT] Dag 20: Plommesekken er nesten heilt absorbert, kyllingen fyller store delar av egget.

                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                [/LEFT]
                                                                                                                                                              [LEFT]                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                             <img class="bbimg" src="http://d1r9jua05newpd.cloudfront.net/78/80/i40403064._szt3_.jpg" />                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                     [/LEFT]
                                                                             [LEFT]                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                             
                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                [/LEFT]
                                                                             [LEFT]                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                    Dag 21: Kyllingen vert klekka.

Me er no på dag 19 så kyllingen bør ha kommen seg rett veg. Hadde eg kunne tatt egga ut, så hadde eg no vert på jakt etter nebbet deira. Kyllingen fyller nemleg ikkje heile egget, i den butte enden er det ei luftlomme. Og det er ofte denne me som held på med dette, ser på. Luftlomma blir nemlig større etterkvart som kyllingen veks og. Det er ikkje store plassen den kyllingen har inni der.
Men tilbake til nebbet. Det første kyllingen må gjera er nemlig å komma gjennom hinna til luftlomma. Så dermed ser ein eit nebb i denne lomma, 24-48 timar før kyllingen blir klekka.
Men, maskina skal ikkje opnast dei siste tre dagane, så eg må berre smørre meg med tolmodigheit og vente på at egg begynner å bevege på seg og kanskje eg høyrer nokre små pip frå egget.
[/LEFT]


#4

Acino sa for siden:

Spennende!! :)


#5

Polyanna sa for siden:

Oi! Har du gård, eller er dette et hjemmeprosjekt? Hva skal du gjøre med kyllingene? Frikasse? :p


#6

Magnolia sa for siden:

Dette er så artig! :hyper:Barnehagen vår klekker også egg, det er like fantastisk hvert år.


#7

Hjertensfryd sa for siden:

Polyanna: Me har hatt høns før og skal ha nye no. Så då er det berre til å klekke i vei. Og håpa på at det som kjem ut til slutt ikkje berre er hanar.

Når prosjekt påskekylling er over, skal me nok i gong med prosjekt vaktler. Me skal nemlig ha det og i år. :knegg:

Og ja, det er like artig kvar gong me gjer dette. Særlig når det nærmar seg klekkedato. Å høyre kor det piper inne i egga, sjå at egga ruller rundt og hopper er kjempe artig.


#8

Malama sa for siden:

Spennende!


#9

Marit K sa for siden:

Spennende!
Men enda mere spennende - blir det live streaming av denne eventen?


#10

Hjertensfryd sa for siden:

Eg håpar på det Marit. Eg har planar om å lese på siden eg fekk tips om i helga. Så får me sjå.


#11

Hjertensfryd sa for siden:

Oppdatert første innlegg, med litt meir info etter kveldens lysing av egga.



#13

Tallulah sa for siden:

Åh, dette må jeg følge med på.


#14

Frøydis sa for siden:

Så gøy! Jeg har kjempelyst på høns etterhvert.


#15

Hjertensfryd sa for siden:

Dei treng ikkje så store plassen faktisk. Og dersom ein ikkje har hane, går det ann å ha dei i tettbygde strøk og. Det er innmari koselig med høns. Og gleda ungane har ved å hente egg som framleis er varme er stor. Og så er egga så mykje mykje betre enn kjøpeegg.


#16

Inagh sa for siden:

Åh,så spennende!


#17

zinatara sa for siden:

Spennende. Vi hadde høner og rugemaskin når jeg var barn, husker godt hvor kjekt det var å følge med på.





#21

Benzo sa for siden:

Spennende!


#22

Primrose sa for siden:

Her må jeg følge med!


#23

Odelia sa for siden:

Så spennende, denne må jeg følge med på!

Hva har skjedd inni det svarte egget siden det er blitt slik? Og hva skjer med hønene etter at de har verpet nok egg? Går det an å ha høner til de blir så gamle at de dør en naturlig død slik at man slipper å avlive dem med mindre de blir skadet? :flau:


#24

Hjertensfryd sa for siden:

Kva som har skjedd med egg som er blitt dårlige, er ikkje like lett å veta. Av og til er det bakterier som har kommen gjennom skalet og dermed forrurensa egget inni, andre gonger kan det ha kommen blod inn i egget, i det egget blei laga. Og så klart kan eit egg starte utviklinga men stoppe opp av ulike årsaker.

Når hønene blir gamle og ikkje legg egg meir, så er det heilt opp til eigaren, kva som skjer med dei. Nokon lar hønsene gå og trives med å sjå på flokken sin. Andre avliver dei. Det kjem og veldig ann på kva føremålet med hønsehaldet er. Dersom ein er ute etter egg, så er ein ikkje så veldig interessert i ha ein gjeng med høner gåande som eter deg ut av huset.

Nokon av oss bytter og ut alt av dyr kvart tredje år og lar jord og hus få kvile i eit år, før me startar opp igjen. Det er det me no gjer.
Me solgte alt me hadde unna i fjor vår og startar no opp på nytt igjen. Med nytt hus og ny utegård. Og ein del nye høner. kremt Det er veldig mange planar på gang her, så me får sjå kva me ender opp med utover vår og sommar. Det er nemlig ikkje utenkelig at me kjøper nokre vaksne høns og no, slik at me kan få egg no. Dersom det blir kyllingar ut av dette prosjektet så er det ikkje sikkert me får egg i frå dei før til våren att.


#25

Odelia sa for siden:

Ahh, takk for svar! Håper dere får mange høner ut av eggene :)



#27

Odelia sa for siden:

Åhh, hellenussen, så søtt! :hjerter: Mon om jeg skal legge magen inntil en kraftig lyskaster og se om jeg ser noe :humre: Utrolig fascinerende å se på livet inni det lille egget der!



#29

jolie sa for siden:

Så utrolig kult! Her vil jeg følge med.


#30

Hjertensfryd sa for siden:

Eg trenger nokre testpersoner til å gå inn på denne linken her
Gje ein liten lyd enten her eller der, om de kjem inn og om linja er bra.


#31

Floksa sa for siden:

Kommer inn og får opp bilde :D
Men kamraet beveger på deg. Går du rundt med det?


#32

Hjertensfryd sa for siden:

Takk. Det er guttungen som holder kameraet. Det blir betre når klekkinga starter, no måtte eg berre teste. .


#33

Floksa sa for siden:

Fine pusen!!
Det er ikke lyd, jeg får ikke inn lyd i allefall.


#34

Isolde sa for siden:

Det står at det er offline.


#35

Hjertensfryd sa for siden:

Så du fekk med deg pusen og ja :knegg:
Eg trudde det skulle vera lyd og, det må eg sjekka opp i.
Men det virkar. Då er alt klart til å sende live ( nesten ) om 1 veke, når/viss klekkinga starter.
Eg slo det av igjen no Isolde.



#37

Odelia sa for siden:

Iiik, så fort det går (glad jeg ikke er høne!) :hyper: Jeg vil gjerne ha passord i tilfelle jeg skulle rekker å titte innom mellom flyttelassene :jupp:


#38

Hot Lips sa for siden:

Jeg vil gjerne følge med på påskekyllingene. :hyper:


#39

Nyx sa for siden:

:hyper: Så spennende! Jeg vil gjerne ha passord. Tenk å få se små pip-pipper hakke seg ut av eggene sine. :hyper:


#40

Sokk sa for siden:

Ja, jeg vil gjerne se på kyllinger! :popcorn:


#41

Hjertensfryd sa for siden:

Eg skal få ut passord til dei som vil ha i morgon. Skjer nok ikkje noko før til helga. Og eg gjer beskjed her når det heile startar.


#42

Taien sa for siden:

Jeg vil også gjerne få se på små klekkende pippiper! :hyper:


#43

Ina sa for siden:

Jeg vil også gjerne ha passord.


#44

Carrera sa for siden:

Oi, så spennende!!

Jeg vil også ha passord.


#45

Madicken sa for siden:

Jeg tar gjerne imot passord. :jupp:


#46

Fibi sa for siden:

Jeg vil også se kyllinger! Har prikket deg. :)


#47

emin sa for siden:

Jeg vil også ha passord! :D


#48

Hjertensfryd sa for siden:

Då håpar og trur eg, at alle som har bedt om det har fått passord pr prikk.


#49

Skilpadda sa for siden:

Jeg vil også gjerne ha passord! :)



#51

Hjertensfryd sa for siden:

For dei som er interesserte så har eg lagt til nokre fun facts for dei siste dagane.
Me går berre å tripper rundt no heile gjengen.


#52

GydaG sa for siden:

Åh, jeg og ungene vil se!
Så spennende.


#53

Svampe sa for siden:

Vil gjerne se. :hyper:


#54

kamp sa for siden:

Vil gjerne også se :)


#55

Schnuppa sa for siden:

Kan jeg også få se? :hyper:


#56

Matilda sa for siden:

Så spennende! Jeg vil gjerne også ha passord!


#57

Hjertensfryd sa for siden:

Eg trur eg har klart å dela ut til alle som vil ha, så langt.


#58

Addison sa for siden:

Dette har jeg ikke sett før nå, så spennende :hyper:! Kan jeg også få passord :blafre:?


#59

MokkMokk sa for siden:

Så kult! :hyper: Passord? :blafre:


#60

Carrera sa for siden:

Er det sprekker i et par av eggene nå? Det foran i midten og det til venstre?


#61

Hjertensfryd sa for siden:

Er nok ikkje det enno. Tviler på det skjer noko der før fredag. Men kameraet er no på, på dagtid sånn i tilfelle. Det som ein kanskje vil sjå i morgon, er at egga rugger på seg.


#62

Madicken sa for siden:

Jeg synes jeg ser nye sprekker hver gang jeg er innom, men det er nok ønsketenkning. Så spennende!


#63

Snuppa sa for siden:

Åhh så spennende. Jeg vil gjerne ha passord.


#64

Addison sa for siden:

Det fremste i midten ser virkelig ut til å ha en sprekk :hyper:? Grådig spennende!!


#65

Chablis sa for siden:

Passord. :blafre:


#66

Robyn sa for siden:

Jeg vil også gjerne ha passord... :blafre:


#67

Hjertensfryd sa for siden:

Det er rusk på glaset i maskina :knegg: Eg og guttungen har studert nøye med lommelykt no og det er nok ingen egg som har tjuvstarta masse.


#68

Addison sa for siden:

Hehe, dette blir årets påskethriller altså :knegg:!


#69

Beathe sa for siden:

Åååh - passord? Pretty please...


#70

Hjertensfryd sa for siden:

Det er alltid ein thriller når små kyllingar kanskje kjem til verden.
For dei som ikkje har skjønt det, så er det ikkje heilt lett dette. Ein må passa godt på heile tida, og små glippar kan koste ein dyrt. Ein slik ting som feil fuktighet kan vera fatal.


#71

indie sa for siden:

Så gøy, kan jeg få passord også? :)


#72

mamaria sa for siden:

Artig med kyllinger. Vi ruta ut tre runder i fjor, blant annet kobberhalsa maran. Klekkinga gikk fint på den ene vi fikk som var frisk, den andre hjalp vi ut, men den var dessverre misdannet og måtte avlives.
Hva er den andre rasen du ruger ut, da? Jeg ble skikkelig tatt på senga da digga begynte å klekke dag 19 første ruginga vi hadde. I ettertid skjønte jeg at dverghønsegg ofte klekker litt før. Ellers har det pleid å bli sprekker i egga på dag 20 omtrent.
Lykke til med klekkingen!


#73

Hjertensfryd sa for siden:

I denne omgang er det Maran og New Hampshire som blir ruga ut.

Over helga håpar eg å legge inn 36 vaktelegg. Og så er eg med på eit import prosjekt så eg håpar på 12 egg av ein veldig spesiell rase, i april/mai. Og så kjem det kanskje egg frå blå australorps utpå våren.
Og så jaktar eg alltid på høner som legger blå/turkise egg. Så det er ikkje utenkeleg at det plutselig vandrar ein isbar/arucana/cream legbar rundt her og :sparke:


#74

mamaria sa for siden:

Ah, da antar jeg at vi har et annet forum til felles også. :)
Jeg har i grunnen litt mange nå, men noen av de eldre skal ut, og da blir det jo plass. Har kontakt med ei som har araucana og maran, vil så gjerne ha krysning av de to rasene for å få militærgrønne egg. Jeg synes det er moro med forskjellige farger på egga, jeg. Har ei som legger grønne, og det er så stilig.


#75

Hjertensfryd sa for siden:

Åhh, eg misunner deg dei grønne egga dine. Me er nok kanskje på eit anna felles forum og då ja. Skal du bestille egg og ?


#76

LilleLeo sa for siden:

Så gøy! Jeg vil også ha passord! :hyper:


#77

Schnuppa sa for siden:

Så spennende! Tusen takk for tilgangen, jeg var inne og sjekket webkameraet. Gleder meg til å følge klekkingen.


#78

Hjertensfryd sa for siden:

Kameraet er oppe å går så lenge eg er vaken :knegg: Det skjer nok ikkje så mykje enno, men kanskje me ser at eit egg eller to begynner å rugge på seg i morgon ?



#80

Hjertensfryd sa for siden:

Du skal få i morgon, lille meg


#81

Acsa sa for siden:

Jeg vil gjerne også ha passord! :jupp:


#82

Hjertensfryd sa for siden:

Eg skal ordne i morgon til deg og Asca. No skal eg legge meg og eg får ikkje dela ut fleire prikkar sa maskina her i stad.


#83

Thelma sa for siden:

Så spennende. Kan jeg også få passord?



#85

Carrera sa for siden:

Oi, spennende. Kommer til å bli sittende her i dag jeg nå :P


#86

Ina sa for siden:

Spennende! :hyper:


#87

Hjertensfryd sa for siden:

Eg har prøvd å snu kameraet mot den tjuvstartande kyllingen. Eg høyrer at ho ( det har berre med å vera ei høne ) piper inni der.



#89

Carrera sa for siden:

Ser man forskjell på kjønn med en gang?


#90

skyfri sa for siden:

Jeg vil også gjerne se på kyllingene. :juhu:


#91

Hjertensfryd sa for siden:

På enkelte rasar så kan ein sjå kjønn rimelig kjapt. Men dessverre er ikkje det slik med desse som eg klekker no. Så eg må nok venta ei god stund før eg veit det sikkert.
Men det er berre så innmari surt å gå å vente på at dei skal klekke i 3 veker, så fore dei opp og stelle med dei i nokre månader, berre for å vakne ein dag av at den eine seier kykkeliky til deg. Då blir det ofte øksa next.


#92

Pingis sa for siden:

Kan jeg også få se? :hyper:


#93

Addison sa for siden:

Åh, nå er det skikkelig hull, moro :hyper:!


#94

Hjertensfryd sa for siden:

Ser de chatten på sida og ? Og ser de bra nok ? De må gje beskjed dersom eg skal flytte på kameraet.


#95

Addison sa for siden:

Ser fint jeg :nikker:! Og chatten.


#96

skyfri sa for siden:

Jeg ser chatten men ikke bildet. Men det er helt sikkert pga pc-en min og alle restriksjonene på den. (jobbpc underlagt strenge policyer for det meste.)


#97

Serena sa for siden:

Oi så spennende, jeg vil gjerne se om mulig! :)


#98

Mikkeline sa for siden:

Jeg ønsker meg passord ;)


#99

Magica sa for siden:

Jeg ønsker meg veldig et passord!


#100

Hjertensfryd sa for siden:

Eg trur alle som har bedt om det, har fått passord. Gje meg ein lyd dersom eg har oversett nokon.


Foreldreportalen er i en flytteprosess, denne versjonen av FP er fortsatt under utvikling. Hvis du vil svare i tråden, så kan du gjøre det her.