Syrin sa for siden:
Eg har lenge tenkt på å lage ein tråd for å presentere Mealboard. Grunnen er at eg er såpass godt fornøgd med denne app’en. Mealboard er ein app som ein må kjøpe i app store, og i skrivande stund veit eg ikkje prisen (eg har hatt den lenge). Eg trur den kun finst for Iphone, enn så lenge.
Dette er ei app som gjer tre ting på ein gong:
- Tek vare på dine favorittoppskrifter (du legg dei sjølv inn via pc)
- Organiserer oppskriftene slik at du kan lage ein middagsplan for veka som kjem
- Genererer handleliste basert på middagsplanen du har valgt.
Det eg likar aller, aller best er at telefonen er blitt mi eiga personlege kokebok. Når du laster ned Mealboard er app'en så godt som heilt tom, og du må derfor sjølv ta jobben med å legge inn oppskrifter / rettar du likar eller vil prøve. Begynn med å legge inn alle middagar som familien brukar – Det beste er å bruke pc når du legg dette inn. Når du er ferdig synkroniserer du i app'en, og får middagane opp som val for neste veke, og vil alltid ligge der i databasen som du sjølv bygger opp etter kvart. Eg legg ofte inn nye oppskrifter som eg vil prøve, f.eks frå FP. Eg brukar appen aktivt når eg lagar mat, og slepp å slå opp på Foreldreportalen for å finne ut kva Tinetoff egentlig sa om den løken.
Slik ser et ut når ein skal legge inn ein matrett på PC. Beklagar stort og blurry bilde.
Dagen du skal handle fiskar du opp telefonen og set kalenderen i appen på riktig dato. Deretter velgjer du dei middagane de vil ha i dagane framover (du velgjer sjølv kor mange dagar). Her er eg inne (i app på telefon) og ser på fiskerettane som eg har lagt inn. Eg velger ein rett ved å huke av på boksen til høgre.
Når eg er ferdig er middagsplanen for neste veke slik. Eg gidd aldri fordele det på dagar (derfor ligg alt på tirsdag her), men velger fritt mellom desse rettane ut fra humør. Det viktige for meg er å ha ei liste av middagar som eg veit eg har alle ingrediensar til.
Når dette er gjort, skriv eg rettane opp på ei tavle på veggen i tillegg - greitt for ungane :) Eg fører også opp "rester" som ein middagsrett i veka som kjem. (sorry, gammalt bilde frå i haust - derfor ikkje i samsvar med middagsplanen over ;) )
Deretter genererer du handlelista. Du kan sjølvsagt gjere dette når du står i butikken, men om du gjer det heime før du drar, rekk du å sjekke skapa om du har noko frå før. Slik ser ei handleliste ut. Mi er ganske ferdig som de ser, fordi eg handla for nokre dagar sidan, men fekk ikkje tak i salmalaks. Den gjenstår å skaffe. Tomatsaus skal eg også kjøpe ser eg. (grunnen til at det står "nok til alle" under laksen, er at eg gidd ikkje spesifisere gram laks til famlien. Eg kjøper ut frå øyemål). Som de ser er det også ekstra ting på lista, f.eks banan. Dette har eg ført opp spesielt, som frukt vi må ha.
Når du vel er komme heim, kan du bruke app'en som kokebok. I dag skal vi ha ei oppskrift frå Toffen - som eg behøring har ført opp som kilde for denne retten. Resten av framgangsmåten kjem opp når eg skrollar nedover på telefonen.
Dersom du legg inn nye matrettar i løpet av veka vil dei ikkje bli synca inn før du neste gong set opp ny meny og lagar handleliste.
Detaljar eg set stor pris på:
innlegging av alle data er lett via pc. Kopierer teksten frå nettet, og limer inn. Der finst også mulighet for smart innhenting av tekst frå nettsider som forstår nokolunde kva som er ingredienser og kva som er mengde, men som oftast må du sjå over det heile før du lagrar matretten. Når det først er gjort har du matretten for ever og alltid, på baklomma.
Når ein skal lage vekemeny, så står det kor lenge sidan det er sidan du hadde dei ulike rettane sist. Kjekt.
Du kan justere handlelista etter kor mange personar som skal ete. Dog er eg usikker på om det gjeld for heile veka, eller dag for dag.
Handlelista er "smart" - fortel at du treng 3 sitroner, ikkje ei og ei for kvar oppskrift. Og det står på handlelista kva du skal bruke sitronene til.
Du kan tilføye andre ting i handlelista som brød, mjølk, shampo og bleier
Handlelista er organisert i seksjonar, slik at grønsaker står saman, tørrvare står saman – litt lettare når handlinga skal gjennomførast.
Alle data er i skya, slik at du kan synce til fleire dippeduttar (sende mannen på handeltur med eigen telefon, og så syncar han inn handleliste). Du kan og sende handlelista som epost til andre.
The downside: appen er ein traktor. Den har alle funksjonar og det eg treng, men særlig lekker er den ikkje. Den er heller ikkje innertier når det gjeld brukervennlighet. Den kunne vore meir intuitiv, men er heller ikkje håplaus.
Sjå elles:www.toquemag.com/food-apps-2/food-app-review-of-the-week-mealboard-meal-and-grocery-planner