Ein kollega av min mann, med følge, kjem på middag i kveld hos oss - det har vore avtalet lenge. Av diverse årsaker har vi alt anna enn tid, og tankane er på heilt andre plasser enn her. Mannen må ta seg av ungane (arrangement ut av huset), og eg skal greie å rydde, men eg er heilt rådvill når det gjeld mat. Har de tips til noko som er enkelt å lage, er godt, og er i kategorien "husmannskost, men litt meir enn kvardagsmat"? Eg har rett og slett ikkje tid til å sitte å søke etter oppskrifter på nett eller i kokebøker. Og hovudet er heilt tomt - har som sagt fokus på heilt andre ting i desse dagar.