Didjeridust sa for siden:
Høyrte på radioen på veg heim frå jobb i dag ei nyhendesak om at det no var vedteke eit forbod mot sal og bruk av anabole steroidar - rettnok var det ei overrasking for meg at dette ikkje allereie var forbode, men det får så vera, ein kan ikkje få med seg alt - tykte dette var ei sak eg godt kunne lesa litt meir om - ikkje minst av di det var sagt at dette forbodet vart stemt for av "dei fleste partia på Tinget"(eller noko slikt) og det kunne vore interessant å veta kven som ikkje var for eit slikt forbod - så eg sjekkar på nettutgåvene av alt eg veit om av "blekker" og nyhendekanalar - og det står pokker meg ikkje eit pip om dette! Ikkje ein stad! Kva er det som skjer? Har eg hallusinert? Eg meiner - det vart faktisk gjort eit ganske stort poeng av dette, meiner eg altså eg høyrde, på NRK - men neidå - heilt fråverande på nett! :gaah: