Eg har strikka osloanorakken. Det er ei stund sidan den var ferdig, eg må berre ha i knapper og sy nokre trådar. Den var meint å vere til ein gut på eitt år, men sidan tida går så veit eg ikkje heilt lenger...
Den påtenkte mottaker er no 1,5 år, og var str 86 då han var eitt. Eg har aldri møtt ungen, men frå det faren seier har han ikkje slutte å vekse.
Min anorakk er 48 cm rundt brystet, og 35 cm lang (skulder-bunn). Den er for liten, ja? Eg meiner eg strikka den i str 1-2, men pickles har små str? Eg skjønar ingenting, for i oppskrifta står det at brystmål 43 er str 7/8 år.
Ellos har en veldig kjekk størrelsesguide.
Jeg vil gjette på at 43 cm er målet anorakken har tvers over brystet når den ligger flatt, mens dine 48 cm er målt rundt, altså foran+bak?
Gah, så liten? Søren og. Jaja. Det blir sikkert produsert fleire minimennesker eg kan donere til.
Takk for svar. Ellos sin størrelseguide var jo genial, tenkte ikkje på at eg kunne sjekke slikt. Og det er sikkert målt flatt ja, det tenkte eg heller ikkje på. :flau:
Då får eg strikke ny, og kanskje bruke prøvelapp. :cool: