Eg veit det er mange kva slags telefon vil eg ha, men eg treng og å tenke litt høgt. Mitt kjære 2,5 år gamle iPhone 4 med knust skjerm har slutta å verke. Det vil seie at åtte av ti telefonsamtalar går slik:
Hallo det er nokon
Hallo? Hallo? Hallooooo?
Hei det er nokon, høyrer du meg ikkje?
Hallo? Halloooo?
Høyrer du meg ikkje?
Klikk.
Folk eg kjenner godt, har begynt å skjønne teikninga:
Hallo det er nokon
Hei det er mannen din
Åh, hei
Ok, nå høyrer eg deg ikkje igjen, men eg tar med meg Ungen og drar hit og dit, send ein sms viss det ikkje er ok.
Klikk.
Anyhow, eg som har ein tendens til å bli veldig sterkt knytta til telefonane mine og ikkje skifte dei ut før eg må, synest det er tungt å innsjå at eg nå må skaffe meg ein telefon det går an å prate i. Og så er det det med pris då... Eg vil eigentleg ha ny iPhone, men iPhone5 begynner på 5200,- Og eg har strengt tatt ikkje 5200 å bruke på telefon akkurat nå. Eg har iPad og mac og liker veldig godt å forhalde meg til iOS og iCloud over heile linja. Eg liker og godt brukaroppsettet på iPhone veldig godt. Mannen meiner eg får mykje meir telefon for pengane viss eg går for ein androidtelefon. Han seier og at iPhone er berykta for dårleg GSM-mottakar og at det er derfor eg ikkje kan snakke i telefonen lengre. Så nå lurer eg på:
Erfaringar med GSM-mottakar (mikrofon?) på iPhone5?
Erfaringar med overgang frå iPhone til android? Er det like tungt og klønete som eg innbiller meg, eller fungerer det greit?
Fungerer apper som Kindle, Evernote, Wordpress, Memonic, GoodReader etc. godt på tvers av Android/iOS?
Korleis er det med kalender- og epostsynkronisering mellom androidtelefon og mac/iPad, blir det bare kluss utan iCloud?
iPhone4S koster 900 kroner mindre enn iPhone5. Er det dumt å spare på å gå for ein eldre modell? (iPhone4 finn eg kun med 8GB, og det er for lite, så lenge iOS tar så stor plass som det gjer, så den bruker eg ikkje pengar på).
Det er det eg og tenker. Men nå har eg altså ein iPhone som eg bruker til alt anna, og den gamle telefonen til mannen som eg bruker til å ringe tilbake med, når iPhonen ikkje vil la meg prate. Og eg kan ikkje bruke 5300 (minst) på telefon på mange månadar endå. Så det er det som er alternativet. Derfor lurer eg altså på korleis overgangen til Android er og om eg klarer meg utan iCloud.
Har du råd til å kjøpe med binding, altså avbetaling i 12 mnd? Da finnes det nå flere tilbud som gjør at selve telefonprisen blir godt under 5000,-, også kommer abb.prisen i tillegg.
Jeg kjøpte akkurat nå dn iphone 5 med binding til 799 hos expert. Det kommer da tlf- regning på 549 pr mnd i tillegg, hvor 300 er nedbetaling av tlf. Det er abbonement med fri sms og ringing, og 1,6 gb surf pr mnd de første 3mnd, deretter 800 mb. Det holder til en gjennomsnittlig iphonebruker hevdet dama på expert.
Skeptisk. Den eg har har overlevd i to år nå, hadde det bare vore glasset på skjermen hadde eg vurdert det. Men når det er ein slitasjeting, som mikrofonen som går etter to år, tenker eg at det å kjøpe brukt bare forkorter levetida.
Totalprisen blir jo gjerne høgare, i og med at eg då må kjøpe eit dyrare abonnement enn det eg har, så det synest eg er uinteressant. Det er ikkje likviditet akkurat nå som er problemet, men oversikt over økonomisk situasjon det neste året, som gjer at det blir dyrt.
Men det er jo ingen som svarer på det eg spør om - korleis er det å gå frå iPhone til android og korleis er det å bruke apper på tvers av ulike operativsystem, utan iCloud?
Eg har fri surfing og eg treng fri surfing, og desse abonnementa tilbyr ikkje det. Eg bruker 3-4 halvtimar i veka på diverse venterom, så viss eg skal betale for surfing blir det veldig uforutsigbart å oppretthalde den bruken eg har nå. Eg ligg på 2,5-3 GB i månaden.
Dersom du har apper som du har betalt for så må du kjøpe dem på nytt.
GoodReader kan jeg ikke se at finnes til Android, men de andre du lister opp får du. De går mot skytjenester så det er helt uproblematisk å bruke bytte til Android. Jeg bruker galaxy s4 og iPad, og bruker flere av appene på begge enhetene. Synkronisering er knirkefritt.
Jeg ville ikke kvier meg for å bytte til Android, men velg en modell som får androidoppdateringer. F.eks S3 eller S4. Jeg kjenner disse best ettersom det er de jeg har (og har hatt) selv. Det er sikkert mange andre som også kommer med oppdateringer av operativsystemet. Mannen får ikke oppdateringer på sin Motorola Defy+.
Selv jeg, som kommer til å gå tilbake til Android på flekken når denne telefonen ryker, og nesten gleder meg litt, ville valgt iPhone i ditt tilfelle.
Sjekk om du har passert to år på den gamle, er det under, er du innenfor reklamasjonsrett. Vi fikk ny harddisk i en 1 år og 11 måneder gammel laptop for litt siden.
Det er fem års reklamasjon på mobiltelefoner - selv om selgeren på elkjøp etc. kommer til å insistere på at det bare er to års garantitid som gjelder. Jeg hadde prøvd reklamasjon før jeg kjøpte ny.
Eg kan jo oppdatere tråden her og fortelje at eg sitt med ein flunk ny iPhone 4 som eg fekk av Apple. Eg måte betale 1190,- i servicegebyr, fordi skjermen var knust, men det er langt billegare enn å kjøpe ny-ny telefon. Eg er veldig fornøgd med kundeservicen til Apple og takker for tipset om å reklamere. Sjølv hadde eg tenkt at det ikkje var vits å klage, sidan eg hadde knust glasset.
Foreldreportalen er i en flytteprosess, denne versjonen av FP er fortsatt under utvikling.
Hvis du vil svare i tråden, så kan du gjøre det her.