Velkommen, Gjest.

< Tilbake til oversikten | Hvem kan lese?

Livet på Aasheim

#1

Hjertensfryd sa for siden:

Jada, her er det vist både det eine og det andre.

Påskekyllingane er blitt store og viste seg å vera 2 haner og 3 høner. Den eine hanen reiser snart til dei evige jaktmarker. Når me kjem til august kan me begynne å vente på dei første egga.

Englandskyllingane begynner og å vekse til.

Av dei 7 eg har no, så har eg sett ein hane. Det er jo lov å håpe at det berre blir med den hanen.

Dei siste som er kommen er desse 9 skjønne Maran kyllingane. Me kjøpte 6 og fekk 3 ekstra. Me var godt nøgd med den handelen.

Og så har me kaninane til mellomste jenta vår.
Pelle

Sofia

Og så må me ikkje gløyma Hercules. Fine kattepusen vår.

Og for dei som trudde det stoppa her, så gjer det ikkje heilt det. Eg har bestilt nokre fleire høns som me skal henta i byrjinga av august og i tillegg ligg eg i forhandlingar om nokre dverg høner.
Eg trur me har ein vaktel eller to her og, men dei har dessverre rømt og dei gjer eg no opp.


#2

Pelen sa for siden:

Så koselig og så mange flotte dyr!


#3

Inagh sa for siden:

Åh, nydelig!


#4

Appelsin sa for siden:

Så utrolig fine dyr!! ♥

Er det ikke mye jobb med dem?


#5

Hjertensfryd sa for siden:

På fine varme dagar er det ganske så idyllisk her. Litt meir trasig når tåka henger ned på hustaket og regnet berre plasker ned.


#6

Hjertensfryd sa for siden:

Det er ikkje så masse jobb faktisk. Tar meg ca ein halvtime kvar dag, når alle skal ha mat og drikke. Litt meir tid, dei dagane eg må gjera reint.
Kos kjem utenom.


#7

Éowyn sa for siden:

Så mange flotte dyr!

Men stakkars Sofia har mistet mobilen sin utenfor gjerdet.


#8

Hjertensfryd sa for siden:

:knegg:
Sofia er ein hissigpropp som nettopp prøvde å rive opp handa mi. Heldigvis hadde eg arbeidshanskar på. Trur dessverre ikkje dei blir her så mykje lengre. Men dei er no fine å sjå på.


#9

m^2 sa for siden:

:hjerter:

Men hva skjedde med alle (de andre) vaktlene da? fikk ikke du en hel haug kyllinger?


#10

Hjertensfryd sa for siden:

Dei levde rett og slett ikkje opp. Må forskast ein god del meir på, om me skal ha dei igjen.


#11

Appelsin sa for siden:

Mener du å si at de faktisk døde?
:leppe:


#12

Hjertensfryd sa for siden:

Dessverre så gjorde dei det. Og eg veit ikkje kvifor. Irriterande som berre det.


Foreldreportalen er i en flytteprosess, denne versjonen av FP er fortsatt under utvikling. Hvis du vil svare i tråden, så kan du gjøre det her.