nokon sa for siden:
Dette minner kanskje om reklame, men det er eit tips, som eit utslag av glødande entusiasme over ei genial nettside etter ein veldig fin sommarferie. Vi var seint ute med å bestemme at vi i det heile tatt skulle reise på ferie i sommar og endå seinare ute med detaljplanlegginga. Men vi kom over denne nettsida, airbnb.com, kor privatpersonar legg ut senger, rom eller leiligheitar/hytter til leige. Du kan søke over heile verda (eg har bare prøvd ut Nord-Jylland) og du kan søke på makspris, om du vil ha leiligheita for deg sjølv eller bare leige seng og så vidare. Vi endte opp med ei veke i ei hytte og tre dagar i ein "tenesteleiligheit" på ein gård, kor Ungen blei gode venner med kattane til dei vi leigde hos. Begge plassane hadde vi kjøkken, bad, stove og soverom for oss sjølve og vi betalte ikkje meir enn 500 kr. natta den dyraste plassen. Ein veldig fin og familievennleg måte å feriere på!