Syrin sa for siden:
Vi bur med to små i ein liten blokkleilighet i bortettslag i Norges eldste hovedstad. Etter som ungane veks til kjenner vi behovet for noko større ja, ikkje minst ein grøn plett og ein plass ein kan sykle med trehjulssykkel...
Etter å ha fulgt med på boligmarkedet i fleire år (vi har holdt oss orientert fordi vi visste vi ville flytte når ungane blei større), ser vi ikkje så optimistisk på det å kjøpe brukt her i byen. Det er jo så dyrt, i alle fall med tanke på at ein då kjøper eit hus / rekkehus som ein ikkje heilt likar planløsningen på, eller som må pussast opp. Tomter kan vi berre gløyme. Dei er sinnsvakt dyre, og vi har ingen i mils omkrets vi kan arve av eller skille ut tomt frå. I tillegg ønsker vi oss så veldig eit murhus! (man er da gift med ein islending må vite.. og dei blir skjelvne i knea ved å vere i trehus og den brannfaren det representerer) (ja, blokka vår er i mur, han føler seg trygg der :P )
Jupp, så då kikka vi ut over kommunegrensene. Og berre for moro skyld kikka vi litt på ledige tomter. Og der fann vi ei fin tomt utan ... eh.. er det byggeklausul det heiter...? Som gjer at ein kan bygge eit hus utan å måtte holde seg til ein viss entrepenør. Må berre sørge for at det er ok i forhold til kommunen og reguleringsvedtektene. Eit nytt byggefelt, nokre få ledige tomter igjen, prisen er 390.000,- (er jo sååå billig!!) Ok utsikt, friområde i front, lekeplass på ei side, veg på ei side og nabo på siste sida. Skråning, men ikkje så altfor bratt. Utmark / landbruksområde i dag. Halv time inn til sentrum. Koselig lite lokalsamfunn, godt med barnehageplass og skulen ser nå grei ut?
Så sånn frå ei veke til neste har vi gått frå å kikke på rekkehus i byen til å faktisk reservere tomt til å bygge sjøl! Blir litt stressa med tanken, særlig fordi vi a) knapt nok kan få eit lodd i vater b) ikkje har tid å bygge sjøl, må derfor rekne med store utgifter til bygging c) renteoppgang?
Nokon som har bygd sjølv og aldri angra ? :P Og er det nokon som bur i murhus? Kva trur de skjer med renta til neste år? : skjelve: Vi kan vel forvente kanskje 900.000 i inntekt (nyutdanna mann som skal i jobb til hausten). Vil ha ca. 500.000 i eigenkapital om vi er heldige (salg av det vi har nå).