Syrin sa for siden:
Ahem... Eg har altså gått gjennom livet så langt og styrt unna alle bukser med kryptiske storleikar a la 27x30 og slike ting. Eg anar ikkje kva eg er for noko. Korleis finn ein det ut, utan å måtte prøve på ein masse bukser?
Med andre ord: korleis bestille ei bukse på nett, der storleik er oppgitt i slike tal? Eg pleier passe bra inn i bukser som er XL, eller str 46. Beina er lange og slanke, medan hofter og mage er meir... robust... Derav XL. Eg er 173 høg, men har da lange bein i forhold til overkroppen.
Nokon som tør å tippe på tommar og inches og kva det no heiter, på meg? Eller er dette heilt umulig?