Syrin sa for siden:
Eg lurer på om det er vanleg at ein rådmann i ein kommune, altså øvste leiar av administrasjonen, går ut i media og kommenterer valresultatet og gjev ei vurdering av dei negative følgjene som resultatet kan gje. Det er snakk om meir tvang, stenging av sjukeheimsavdelingar, og mindre lokal sjølvråderett. Dette er det som rådmannen "trur".
Dette kan jo godt hende stemmer eller ikkje stemmer - men er det i orden at ein i administrasjonen uttaler seg? Ein ting er politikarar, folk og ordførar, men byråkratane? Skal dei meine noko om dette i det heile tatt? Kor går grensa?