Med nytt hus og ny ovn treng vi noko å rake i elden med. Men det er jo så va-anskelig å finne noko som ser greit ut! Ovnen er svart ein sylinder-sak, frittståande med svart pipe (røyr) rett opp. Store glasfelt. Vi har ein koparkjele til veden (jepp, gammeldag og u-trendy, men eg likar den, og vi har uansett ein rar stilmiks hos oss). Og så har vi ein svart, liten metall-sylinder til brennbrikker.
De forstår allereie nå at eg er kresen, sant? Eg vil ha noko med minst mulig stål (som eg verkeleg ikkje likar), som er enkelt, solid, realt og ikkje for stort. Det må først og fremst vere ei rake - kost er ikkje så nøye.