Syrin sa for siden:
Vi har ein vinterhage med vindu som står omtrent kant i kant og frå golv til tak. Ein glasboks egentlig. Her er deilig i sommarhalvåret, men varmetapet i vindua gjer at her er kaldt om vinteren. Vi opnar jo døra og slepp varmen ut hit frå kjøkenet, men det er ikkje særlig økonomisk, og direkte varmt blir det heller ikkje. Har vurdert å skaffe ein gassovn her ute - ein sånn frittståande som kan varme opp fort når rommet skal brukast, men at det kan få vere kaldt dei dagane vi ikkje er der.
Men eg kan ingenting om gass. Er det trygt nok? Eg krisemaksimerer og ser for meg at huset går i lufta om eg tenner eit lys på bordet... (ja, eg veit at dette er å overdramatisere) Er det nokon som kan forelle meg litt om erfaringar med oppvarming på denne måten?