Åkei.
Fakta: eg har ingen musikk på telefonen min (Iphone), eg har aldri hatt det, jenta skal feire fødselsdagen sin i morgon. Der vi skal vere kan dei spele av musikk frå pc eller mobil.
Jenta vil ha typisk "hits for kids", og det MÅ vere The Fox.
Korleis går eg fram for å få dette til? Eg veit absolutt ingenting om dette her.
Dersom det ikke er nødvendig for deg å eie musikken kan det kanskje lønne seg å kjøpe en måned med premium abbonement på spotify eller wimp. Vet iallefall at the fox er på spotify. Da kan du søke opp den musikken du vil ha og legge det i en spilleliste i appen.
Vel, eg burde jo kanskje begynne å høyre på musikk igjen. Det er 10 år sidan sist trur eg - har ikkje ein gong montert opp CD-spelar og har aldri på radio. Vi har eit fullstendig musikklaust liv, og det er i grunn temmelig, temmelig spesielt. For eg likte jo musikk før.
Spotify ja. Hm. Det lettaste er kanskje å gå den vegen.
Ein siste ting: kva MÅ gutar og jenter på 10 år ha på ei liste?
(kunne spurd jentungen, men ho ser på film med resten av family'en, og dessutan veit ho aldri kva dei ulike artistane heiter).
Nokre som er veldig bankers, ut over Ylvis liksom... Eg har elles ei lita liste over kva eg veit ho likar sjølv.