#24SOG er ikkje berre stort her til lands, men også over dammen har dei høyrd om fenomenet. Nokon av dei likar i alle fall å halde på med limpistol og pappmasje i stor skala, som vi gjer her heime i gamlelandet. *
Mykje skummelt hadde allereie skjedd. Då stakkars vesle Rudolf vart fanga i glasklokka var det ei ung dame som vart heilt forferda. "Slikt vanstell av dyra våre kan me ikkje ha!" Ja, for Miley som er oppvaksen i Tennesse i USA ville heilt sikkert ha vore nynorskbrukar om ho var norsk, det har LL (les: LukeLagar) bestemd seg for. :nemlig: Uansett, la oss kome vidare i historia. "Kvar er PETA??" ropte Miley med skingrande modulerande stemme. Ho fekk ikkje svar i vintermørket. Jaja, tenkte ho, sidan PETA var så greie og ga meg ein minigris i bursdagsgåve får eg vel hjelpe stakkars Rudolf med å kome laus frå glasklokkefangeholet. "Hold ut, Rudolf!" song ho over atlanteren. (At det var ei forkomen sovande Ulla ugle saman med Rudolf hadde ho ikkje bitt seg merke i. Ho var, i motsetning til Fotballfrue, ikkje lidenskapeleg oppteken av ugler.)
Såleis gjekk det til at Miley Cyrus var på saka med eit særs viktig mål for auge. Ho skulle redde Rudolf! Ho heiv seg på knusarballen ikledd berre ei sexy nisselue og svinga seg over dammen med lysets hastigheit.
Slik gjer de:
Fyrst lagar de knusarballen. Til dette treng de ein appelsin, klementin, eple eller eit anna rundt objekt i passe storleik. Knyt ballen fast med eit fin raudt bånd. Så tek de nellikspikar og puttar dei inn i appelsin, klementin, eple eller liknande rundt objekt.
Så lagar de NisseMiley med sexy nisselue. NisseMiley kan vere ei avlagd Barbie-dukke, gjerne ein [stryk]skam[/stryk]kortklipt variant. Har de ikkje Barbiedokke i hus kan de gjerne bruke ein annan figur i passe storleik. Ken kan også fungere fint, sidan NisseMiley er eit ganske androgynt vesen. Så skal ho/han/det få sexy nisselue. Korleis lagar eg ein sexy nisselue tenker de kanskje no? Vel, når resten av kroppen er avkledd, kan me trygt slå fast at korleis nisselua ser ut er uviktig. Klipp til eit passe stykke raudt stoff (raud serviett kan også duge) til ein trekant og lim saman til ei nisselue. (LL leita heile huset rundt etter limpistol utan hell, så her måtte me ta til takke med limstift og teip.) Vart de oppøst av tanken på dette synet? Ta det heilt med ro, NisseMiley kan gjerne få klede om de ikkje synast det sømer seg med nakne damer på knusarballar. Ta meir raudt stoff og klipp ut ein passande firkant som de limer saman til ei snasen tubekjole. Sjå hit for inspirasjon. Den raude tusjen skulle eigentleg lage raude(re) lepper på NisseMiley, men LL fekk ikkje lov av Barbieeigar. :skuffet:
Tekkeleg NisseMiley
Historia fortset
Nå som de har fått laga NisseMiley og ho er klar til å klatre opp på knusarballen er det berre å sette ho fast. Det kan hjelpe å binde ho fast til knusarballenka. NisseMiley kan svingast fra ganske høyt oppe og så får me sjå om Rudolf kan reddast. Spenninga er til å ta og føle på....
Men, kva er det som skjer?? Draguskattus**, som har halde vakt ved glasklokkefangeholet, kjem tilbake frå tissepausa si. Ho hoppar instinktivt etter NisseMiley og knusarballen og er nær ved å rive ho av kula. NisseMiley syng etter hjelp, men det er ingen i nærleiken til å hjelpe ho. Korleis skal dette gå? Kven går sigrande ut av kampen?
Lenge ser det ut som om Draguskattus har overtaket, men så grin ho plutseleg på nasen! Appelsin! : pføy: Det er det verste Draguskattuser veit. Ho trekk seg raskt tilbake for å vaske vekk den fæle appelsinstanken. NisseMiley jublar! Knusarballen vippar glasklokkefangeholet over ende og Rudolf er endeleg fri! NisseMiley og Rudolf dansar av glede, og me kan vel berre vere glade for at det er vanskeleg å twerke med eit reinsdyr (i alle fall eit i kvit plast).
:lykkelig:
Om de har ungar som LL sine som synast det er veldig rart med ein NisseMiley sittande på julepynten i vindauget, kan de ta ho ned etter ho er ferdig med oppdraget sitt så ho får leve lukkeleg i alle sine dagar saman med Rudolf. Og vips! Nå har de sjølve en fin appelsinjulepynt som duftar herleg jul over heile kjøkenet eller stova (dette gjeld diverre berre om de har brukt nellikspikrar, vanlege spikrar gir ikkje same gode dufta).
God jul alle saman og lukke til! Eg og NisseMiley gler oss til å sjå deira knusarballar!
NisseMiley er raus og donerer 50 kroner per knusarball (opp til 500 kroner). :glis:
*For å kome i den riktige stemninga kan det vere greitt å ha sjekka ut denne på førehand, så de veit kva det går i i denne luka. www.youtube.com/watch?v=oIrPXougPQ4
Det er så moro å høre. Tanken startet med at jeg skulle ha sånne appelsiner med nellikspiker, men det i seg selv er jo ikke så moro, selv om de er fine. Så bare ramla det ned i hodet mitt da jeg satt og hørte på Wrecking ball her om dagen; at sånn må det bare bli! :knegg:
Du er så fantastisk kreativ. Dette var en skikkelig morsom luke. :rofl:
Og jeg begynner å forstå snuppas facsinasjon for riving og slikking av verktøy (I kid you not). Denne videoen har gått på repeat i det siste. Jeg visste forsåvidt at den ikke egentlig var særlig egnet for 8-åringer, men ..... vel, vel.
:grineler: Jeg har i hele dag ventet på å komme hjem for å få sett luken (you tube er ikke godkjent av "sikkert internett"). Da eldstebarnet spurte om hvorfor jeg lo så fælt, viste jeg han videoen. Han høynet straks med en annen imitasjon, som involverte skjeggete mann på pilatesball :skremt:
Yngste var veldig bekymret om katten kom til skade under innspillingen, og savnet en rulletekst som kunne fortelle at det gjorde den ikke :knegg:
Å herregud, jeg leeeeeheeeeer så jeg snart vekker hele nabolaget her :grineler: Det er bare litt for sykt, og så fantastisk bra laga! :rofl: Gleder meg til å se reaksjonen på eldstejenta når vi skal lage denne.
I et hjem, hvor hannkjønnet er i så overtall at selv katta er gutt, er det fint lite Barbie å spore. Siden det i tillegg bare er mor Inagh som spiser appelsin, er det søren meg lite sitrusfrukt å oppdrive med.
Men nissejenta, hun syntes det var riktig så gøy å leke wrecking ball, hu! :nemlig:
Så mange artige knusarballer!
Jeg prøver å komme på noe jeg kan bruke som Miley, men det er ikke mange dukker å spore i fruktheimen. Selv ikke med en overvekt av hunkjønn.
Kanskje jeg skal ta en fotballfrue og ta bilde av megselv i undertøy og nisselue på pilatesballen ..? :gruble: