Gløym alt du har lest i alle tabloide avisar eller magasin. Gløym alle "ti måtar å gjere lykke på julebordet"-listar. Gløym alle idear om korleis du skal kle deg, sminke deg, kva du skal prate om. Det er så mykje enklare enn det!
Eg har oppskrifta.
Kjøp ein pickupbil. (Jau, eg er svært nøgd med pun-et i overskrifta. :kry: ) Han kan gjerne være både gamal og bulkete.
Køyr bilen i Oslo sentrum.
Lukeparker, og få ein perfekt parkering på første forsøk.
Hopp ut av bilen, (høge hæler gir ein ekstra effekt her), og smil overbærande til gruppa med menn som står på fortauet (kva no enn "fortau" heiter på nynorsk aner eg ikkje), med slike ansiktsuttrykk ---> :sjokk:.
For 100 % garantert effekt - ha med deg ein stor, livlig hund. :nemlig:
Du er kuuuul! At jeg ikke tenkte på at jeg burde bruke det til min fordel den tiden jeg kjørte mine foreldres gamle toseters Pajero til universitetet. Fikk en del kommentarer på at det vistes at jeg kom fra "landet" - jeg skulle ha parert med høye hæler og en dobermann! :D
Dette er ein ganske gjentagande greie, eg legg merke til at eg får mykje oppmerksomheit når eg køyrar Buster, eller mest når eg parkerar han, da. :knegg:
(Og skjøner så klart at det hovudsakleg berre er fordi det er noko uvanleg med svære, bulka pickuper på Nordstrand i Oslo, men hey, det var morosamt å kome med ein liten, humoristisk motvekt til alle desse "slik skal du sjå ut"-overskriftane i media.)
Foreldreportalen er i en flytteprosess, denne versjonen av FP er fortsatt under utvikling.
Hvis du vil svare i tråden, så kan du gjøre det her.