Syrin sa for siden:
Eg lagde ein tråd for ei tid tilbake:
www.foreldreportalen.no/forum/showthread.php?t=16404
der eg spurte om nokon hadde erfaring med lavkarbo-kost til barn. Og generelt om å endre til dietkost. Har ei jente med diabetes (type 1) og cøliaki (glutenintoleranse).
Eg kontakta ernæringsfysiologen ved sjukehuset (takk Annemede :) ) og fekk svar tilbake. Litt av det ho skreiv har eg oppsummert under:
Å kutte ut potet var heilt uproblematisk, så lenge ein ikkje fekk noia om ein blei servert potet hos andre (vi får ikkje noia :D). Generelt er ikkje karbohydratfattig kost skadelig for barn, men ein slik kost passar svært dårlig i familiar med dårlige matvanar, dvs. lite frukt og grønt og usunne fettkilder. Hos eit barn med liten mage kan store mengder fett føre til at ein blir raskt blir mett og dermed får for lite av grønsaker og frukt. Dette må ein vere spesielt oppmerksom på ved "steinalderkost". Så lenge vår jente er glad i frukt og grønnsaker og vi brukar reint kjøtt og rein fisk og sunne fettkjelder er det ingen grunn til bekymring for næringsinntaket. Farsemat og slike ting er ok med jevne mellomrom så klart. Brødmat kan vi prøve å gi henne igjen seinare om vi vil, sidan ho nå har mista interesse for det. Ingen krise. Det viktigaste er at ho har eit variert kosthold som ikkje er ekstremt i nokon spesiell retning, og at kosten bidrar til god blodsukkerregulering og er glutenfri.
Vi har nå kjørt eit endra kosthold i familien i ein månad. Resultata syns vi er heilt fantastiske; mykje større effekt enn vi hadde forventa. Vi et framleis litt brød og potet, litt pasta, litt ris, men har oftare salat, bønner, kikerter, maischips (ikkje så sunt det da), masse grønsaker o.l. I går t.d hadde vi dampa hyse med hollandais-saus og masse, masse gode, søte gulrøtter. Ingen kjente behov for potet. Vi et ofte salat til frokost, og brukar skinke, egg, bacon, reker, nøtter, frø og liknande ting som gir litt "hold". Eg må ærlig innrømme at eg aldri hadde trudd på forhånd at eg skulle holde meg mett til lunsj. Men det gjer eg! Og til lunsj forsyner eg meg med ein stor porsjon salat i salatbaren på jobb. Med dressing og protein i form av skinke eller egg held eg meg behagelig mett i timesvis. Vi blir aldri propp mette lengre, og held oss "lett mett" lenge. Snopesuget har gått ned.
Og snuppeluppa? Som er grunnen til at vi gjorde dette? Ho har aldri vore så jevn i blodsukker nokon gong. Før var vi oppe minst 3-4 netter i veka for å måle henne fordi blodsukkeret gjekk som ei jojo frå 2 til 20. Nå skjer det knappast. Ho er glad i maten ho får. Det varierer etter korleis dagen er (man er da 3 år må vite), men stort sett er all type kjøtt og bønner, salat, gulrøtter, laks, tomater, agurk, egg, ost, bacon, nøtter, sukkererter osv osv veldig godt mottatt. Ho et også glutenfritt knekkebrød og får glutenfri havregryn i smothies og yogurt. Veldig glad i all frukt. Mest suksess har vi hatt med å droppe potet. Ho reagerte like sterkt på poteter som på sjokolade. Det blir jo til sukker i kroppen! Eg lurer på om barn som blir hyperaktive av søtsaker reagerer slik på potet også? :confused:
Matbudsjettet har gått dramatisk opp. Vi har veldig stram økonomi, men får 900 kr. i månaden av staten til å dekke ekstrakostnader på grunn av snuppa. Så vi brukar dei og litt til, og er fornøgde.
Nei, vi har ikkje pengar til å gå til frisør, men god mat det har vi! :D
Og JA!! Vi er omtrent prumpefrie! :D (og langhåra)
(minstemann vil helst ha brød, og det får han alt han vil av ;) )