Velkommen, Gjest.

< Tilbake til oversikten | Hvem kan lese?

Petit pots au chocolat - tips til dessert

#1

Syrin sa for siden:

Eg vil dele ei oppskrift eg har på Petit pots au chocolat, også kalla Petit pots de creme au chocolat. Eg har laga dette fleire gonger, og det er rett og slett godt - særleg servert med sterk kaffe til. Må lagast i forvegen, gjerne dagen før du skal servere. Med mørk sjokolade har desserten ein typisk voksen smak. Eg har ikkje prøvd med lys sjokolade. Dette blir ein mørk, tjukk sjokoladekrem - ein slags mellomting av brownie og pudding. For min del er piska krem oppå heilt essensielt.

Du treng små eldfaste former. Bitte små altså. Du kan antagelig bruke krus som tåler varme, dei bør romme ca. 3/4 dl. Hugs at desserten skal vere liten - dette er ein mektig dessert

Til 8 personar (og 8 former)
1 3/4 dl fløyte
1/2 vaniljestang, splitta på langs
150 gr. hakka sjokolade (eg brukar heilt mørk)
1 dl heilmelk
2 eggeplommer
60 gr. sukker (eller mindre om du vil)
Piska krem, kakaodryss og bær til pynt om du vil

  • Smør formene og set dei i ei djup langpanne. Forvarm omnen til 140 grader. Varm fløyten saman med vaniljestanga til væska er lunken. Ta fløyten av og la han trekke med vaniljen.
  • Bland sjokolade og melk i ein liten kjele. Rør over svak varme til sjokoladen har smelta.
  • Ha eggeplommene i ein bolle og visp gradvis sukkeret i. Visp til blandina er lett og krema. Skrap frøa ut av vaniljestanga ned i fløyten, og kast stanga. Ha vaniljefløyten og den smelta sjokoladen i dei vispa plommene og rør til det er godt blanda.
  • Hell i formene, slik at dei er 3/4 fulle. Ha kokande vatn i langpanna slik at det når halvvegs opp på formene. Bak i ca. 1 time, ta formene ut og la det kjølne. Sausen vil heve seg i omnen, og søkke trist saman når dei kjølnar. Ikkje fortvil - det gir meir plass til krem. Dekk til med plast og sett kald i 6 timar, eller dagen før for den del. Pynt med piska krem og kakaodryss. Det er fint med eit bær oppi også.

Veldig godt til espresso.


#2

vixen sa for siden:

Namm. Denne må prøves!


Foreldreportalen er i en flytteprosess, denne versjonen av FP er fortsatt under utvikling. Hvis du vil svare i tråden, så kan du gjøre det her.