Syrin sa for siden:
Dragen i PM til meg: "Hva spiser dere, Syrin, og hvorfor? Hvor går dere ut og spiser? Gidder du legge ut litt i økologisk og diettmat?"
Eg legger ut litt på generelt eg, for eg syns ikkje vi et diettmat egentlig. Vi går aldri ut og et fordi vi ikkje har økonomi til det.
I vår familie har vi redusert kraftig på karbohydrat (sukker, brød, poteter, ris, pasta). Vi prøver å ete meir grønsaker, frukt, egg og kjøtt / fisk. Grunnen er at jenta vår på tre år har diabetes (barnediabetes, type 1, ikkje livsstilsrelatert og er insulinavhengig) og cøliaki (intoleranse for gluten, dvs. havre, bygg, rug og kveite) (havre finst i glutenfri variant - hurra!)
Vi får litt penger av staten til ekstrautgifter i forhold til kosthold (cøliaki) og pleiepenger i forhold til diabetes. Tilsaman eitpar tusen kroner i månaden. Er veldig takknemmelig for desse pengane.
Eg legg inn nokre typiske dagsmenyar for oss:
Variant 1
Frokost: Salat med spekeskinke, fetaost, tomater m.m. og god, fyldig dressing (ikkje lettvariant nødvendigvis). Diabetesbarnet et bitar av ost, skinke, agurk, tomater og knekkebrød.
Lunsj: speilegg, bacon, salat. Gulrøtter, kålrabi og sukkererter. Diabetesbarnet et kald omelett, røyka laks, tomater, agurk. Dei har også eit fruktmåltid i barnehagen.
Middag: Gryte med stekt kjøttdeig, løk, boksar med tomater og boksar med kidneybønner. Krydder i, litt ekstra til oss voksne (chilipulver). Agurkterningar til.
Dessert: jordbær naturell
Kveldsmat: Knekkebrød med ost og tomat
Variant 2
Frokost: "lappar" av egg, cottage cheese og litt havregryn m.m. Oppskrift på www.lavkarbo.no . Pålegg på.
Lunsj: Steikt pølse med salat til. Knekkebrød med ost. Eple
Diabetesbarnet har yogurt utan sukker (yoplait sin 0,1 % eller kva den heiter) og med havregryn i. Ostebitar, kidneybønner, gulrøtter, skinkebitar, kokt egg. Fruktmåltid.
Middag: stekt fisk med masse salat til. Ungane vil helst ha fiskekaker med tomater til.
Dessert: Eple og appelsiner i bitar.
Kveldsmat: smoothie der ein først startar med å knuse havregryn til pulver i ei matmølle. Deretter yogurt, frosen frukt, eitpar godt modne bananer.
Variant 3
Frokost: Eggerøre og laks. Agurk og salat til.
Lunsj: Salat med egg, skinke, frø og nøtter. God dressing på.
Diabetesbarnet får kald glutenfri pizza (henta frå frysaren, enten har eg laga sjøl eller fryst ned restar av Peppes / Dolly dimples sin)
Middag: Masse grønsaker kutta i bitar i ildfast form (poteter også), inn i steikovn. Krydre eit godt stykke stort kjøtt (entrecote f.eks.) og fres raskt i panne. Legg dette oppå grønsakene med termometer inni. La steike til ønska temperatur. Saus til, f.eks den peppersausen frå Toro som er pulver rørt inn i rømme. Og jada, eg brukar halvfabrikata titt og ofte :D
Dessert: ingenting :P
Kveldsmat: havregrynsgraut (glutenfri).
Variant 4
Frokost: Muggost med avocado. Knekkebrød til. Diabetsbarnet et f.eks glutenfritt brød med pålegg eller ostebitar el. likn.
Lunsj: suppe. Knekkebrød med pålegg. Eple
Diabetsbarnet et ostebitar rulla i spekeskinke, gulrøtter, agurk og knekkebrød.
Middag: Stekt kylling i indisk saus. Natur-ris til (held diabetesbarnet og oss alle, jevnare i blodsukker). Tomater dryppa med sitron til.
Dessert: i dag er det helg, så vi har langpannekake frå Toro som er glutenfri.
Kveldsmat: Knekkebrød med pålegg.
Osv osv osv. andre frokostvariantar er omelett, stekt egg og bacon, stekt bacon, avocado og tomatbitar, og salatar i utallige variantar.
Vi er elles glad i kjøttsaus med pasta (laga på økologisk kjøttdeig frå Gilde, den er veldig god syns eg), grilla flintsteik med MASSE deilig salat og dressing til, kjøttkaker med saus og gulrøtter/brokkoli (kven treng poteter??) fiskekaker med stekt løk og gulrot/eplerasp (og joda, litt poterer er godt til), ovnstekte kyllingbitar med kikerter, sitroner, kvitløk, løk, oliven, olivenolje og godt med safran og kummin (har oppskrift kan legge ut)
Og for dei som vil vite meir om korleis det er å leve med eit barn med diabetes, så kan de kikke litt her under.. Det er på engelsk, fordi eg har laga albumet til ei utstilling i Hong Kong av alle stader. Har ein norsk versjon til privat bruk :)