Velkommen, Gjest.

< Tilbake til oversikten | Hvem kan lese?

Korleis ville du ha innreia ei hytte ved sjøen?

#1

Tussa sa for siden:

Vi er altså i startfasen på å bygge hytte ved sjøen. Valget har falt på ei hytte på 76 kvm, to etasjer, litt sørlandsinspirert men med mykje vindu. Stue og kjøkken i heile fronten med vindu meir eller mindre frå tak til golv.

Hytta er nok ikkje ferdig før til våren neste år men eg har ein plan om å begynne no med innkjøp og tankeverksemd for å fordele kostnadar. Eit viktig moment for meg er gjenbruk og eg har eit hårete mål om at ingenting skal kjøpast nytt. Men eg ane ikkje kva stil eg skal velge. Taket er kvitt, golvet kvitkalka eikeplank, veggane enten kvitlaserte eller lys grå. Vi skal ikkje ha maritimt tema, og eg er ikkje så fargecrazy sjølv om det sikkert kunne blitt fint. Og eg skal finne mest mulig i skuffer, skap, Finn og bruktbutikkar.

:hjelp:


#2

Galathea sa for siden:

Jeg har også hatt samme målsetning for hytta vår, og klarte det langt på vei. Men det var en kolonihagehytte på 20 kvm da ;-)
Har ingen konkrete tips til innredningsstil, men til målet om å kjøpe brukt: det er loppemarkedsesong nå utover, så sikkert gode muligheter for å finne en del, f.eks er servise, glass og andre kjøkkenting er ganske lett å finne.

I verste vårrengjøringstida er det også mye som legges ut på finn.no og på gjenbruksstasjonene, jeg ville sett etter hagemøbler, senger/køyesenger, stue/kjøkkenbord og stoler der.


#3

Tussa sa for siden:

Loppis og gjenbruk skal absolutt bli sjekka opp og i mente! Takk for tips :)

Ein anna ting er om det må vere ein "stil" på ei hytte. Så lenge en har ting en likar og som en syns er funksjonelle kjem ein seg vel i grunn langt? :blånn: Eg har ein grunntanke om at nyansar av grått, kvitt, blått og brunt kan få bo der, det er vel ein start?


Foreldreportalen er i en flytteprosess, denne versjonen av FP er fortsatt under utvikling. Hvis du vil svare i tråden, så kan du gjøre det her.