Ja, eg skal lage thaigryte til 13 stykker i morgen :skremt:det skal vere kyllingfilet i. Alle er voksne unntatt niåringen, og ikkje storspiste, men normalspiste. Det eg lurer på, er kor mange kyllingfileter/ gram pr person eg skal berekna? Ein til kvar? Er det lite? Det er jo med ris ved siden av og grønnsaker oppi gryta, ikkje salat eller brød til.
Jeg vil tro at du skal ha nok dersom du beregner en kyllingfilet per person. (Kommer jo selvsagt an på str på filetene). Dersom du i gram regner 200 g per person bør det ihvertfall holde.
En kyllingfilet veier ofte mye mer enn 200 gram, saa jeg hadde holdt meg til det. Jeg synes forresten at 200 gram per person er i overkant. Du skal jo ha grönnsaker i ogsaa, regner jeg med, og sikkert ris eller noodles til.
Det gjekk unna! 2,8 kg kyllingfilet, to pakker sukkererter, to løk, 6 paprika, 5 gulrøtter og 7 poser boil in bag fullkornris og masse saus i gryta, ca tre liter, og søt gjekk med. Puh. Veldig bra beregna, og alt vart oppete. Men då var det faktisk seks vaksne mannfolk som åt masse, og like mange damer som åt litt mindre.
3 fedd kvitløk
1 ss currypaste
1,5 ss sukker
3 dl kokosmelk
Evt kyllingfond, eg brukte berre krafta som var att etter at eg hadde hatt kyllingfiletene i ovnen i 20 minutt
1 lime
3 ss fishsause
2 ss oystersauce
Litt maizena
Fersk koreander og koreander-krydder
Eg freser curry og kvitløk og tar oppi resten, og sper med kokosmelk til han er passelig sterk. I dag let eg sausen stå og putre i ein time og vel så det, og dei siste tjue minutta hadde eg oppi grønnsakene og maten. Eg hadde vel dobla oppskrifta på sausen, og hadde ca ein og ein halv liter kokosmelk i.