#1
Simone sa for siden:
Vi skal pusse opp stova og innser at det aldri kjem til å bli ferdig dersom vi skal gjere det sjølv. Derfor treng eg tips om eit godt firma vi kan bruke i Bergens-området!
Det som skal gjerast er følgande:
- Lage eit eksta soverom av ein del av stova. Det har vore soverom der tidligare, så det er snakk om å bygge opp igjen ein vegg.
- Fjerne brystpanel og den stygge, malte stria over og lage glatte, fine veggar
- Sparkle og male veggane
- Legge ny parkett med golvvarme under
- Mure pipa som er delvis øydelagt etter at vi knuste peisen for 4 år sidan og sette inn moderne vedovn
Nokon som kjenner til eit firma som klarar denne biffen utan å ruinere oss? Helst eit som ikkje driv med sosial dumping...
Muringa må sjølvsagt ein murer ta seg av, men det hadde vore veldig greit med eit firma som koordinerer murer, elektriker og maler uten at vi må stresse med det.