Velkommen, Gjest.

< Tilbake til oversikten | Hvem kan lese?

Strikk til flyktninger

#1

nokon sa for siden:

Eg har kjend på ei veldig sterk virketrang etter Pøbelsara sin tråd her på forumet om tilstandane på Lesvos. Og bileta vi har sett den siste veka har ikkje gjort virketrangen mindre.

På fredag kom eg over denne FB-gruppa, kor dei samler inn strikkaplagg til flyktningar. www.facebook.com/groups/1647423642140068/ Eg har begynt å strikke luer i str. 0-3 år og kjenner at det er godt å finne noko å bidra med.

I og med at vi ikkje bur så langt frå eit transittmottak, er eg litt usikker på om eg kjem til å sende det i posten til initiativtakarane eller om eg kjem til å levere det på det lokale transittmotaket. Men eg tenkte eg kunne tipse andre strikkande folk om dette prosjektet - dersom det er andre som allereie deltar, er det fint med lenker til enkle og varmande plagg for barn i tråden og.

(Og ja, eg veit at dette kanskje tilfredsstiller mitt behov for å gjere noko meir enn det gjer ein global skilnad. Men eg treng å gjere noko som er overkommeleg for meg, og dette er det).


#2

Albertine sa for siden:

Oppskrift på luer?


#3

nokon sa for siden:

Kva som helst i den aktuelle størrelsen. Eg har sjølv begynt med Pixie-lua, fordi det er den lua Ungen har brukt mest og eg liker konseptet med hettelue til små barn.

(bilete frå bloggen med oppskrift).


Foreldreportalen er i en flytteprosess, denne versjonen av FP er fortsatt under utvikling. Hvis du vil svare i tråden, så kan du gjøre det her.