Eg er på jakt etter flammelause lys. Eg har allereie kjøpt desse, som er veldig fine og ser ganske bra ut i bruk.
Det stod imidlertid "Telys-variant" i nettbutikken der eg bestilde dei og det stemmer ikkje. Det er små kubbelys og dei passer ikkje i nokre av telysestakane mine, og eg vil ha telys som passer inn i åpninga til dei små Kähler-husa. Men eg liker dei variantane som har voksbelegg, slik at dei ser ut som vanlege lys og som ikkje har ei lyspære med liksomflamme på toppen. Dei må heller ikkje vere for flakkande.
(Årsaken til at vi skal ha led-telys er at Ungen åpenbart reagerer astmatisk med å bli verre av at vi brenn vanlege lys. Eg veit at det er diskusjonar rundt miljøaspektet og produksjon av led-telys, men eg vil ha lys i lysestakane mine utover vinteren).
Jeg så LED telys på Nille her i helga, men kjøpte dem ikke, så kan derfor ikke si brennsikkert at de ikke har sånn høy flamme, men jeg tror ikke det. Finner dem dessverre ikke på nettsiden.
Eg har dessverre ikkje tips om fine batteridrevne telys, men vil tipse om at det kan fungere betre å bruke telys av 100% stearin. Mannen min reagerar litt på vanlege telys, men det går fint med telys av stearin. Opprinneleg fekk eg tipset av ei mor til eit barn som er sterkt plaga av allergi og astma. Det er sjølvsagt ikkje sikkert at det fungerar like bra for dykk, men kanskje det er verdt eit forsøk?
Ja, eg såg bare på dei i butikken og dei såg altfor høge ut. Det er derfor eg ikkje vil ha lyspære oppå. Åpninga til Kähler-husa er 2,5 cm. høge og 4,5 cm. breide.
Dei øverste som eg har lagt i HI er og veldig fine i bruk, dei er bare litt større enn eg hadde forestilt meg, så eg blei litt overraska då eg åpna pakken.
Eg endte opp med å betale den latterlege portoen. Pakken kom raskt, levert på døra med DHL, så det forklarer nok prisen.
Lysa passer aldeles glimrande inn i lyshusa til Kähler. Flakkinga er litt i overkant rytmisk, men viss ein ikkje sitt og kikker rett på dei for å gjere seg opp ei meining om lysa, lyser dei veldig fint.
Jeg får Nille-lysene inn i alle mine tre små Kähler-hus, helt uten problemer. Flakkingen var irriterende en liten stund (hvor trekkfullt tror de folk har det, egentlig?) men enten gir det seg etter en stund, eller så er det bare at jeg ikke sitter og nistirrer på dem.
Etter litt bruk er eg misfornøyd med lysa frå Lampegiganten som du, Frukt, tipsa meg om. Dei spiser jo batteri, så nå er eg på utkikk etter den varianten som er oppladbar i staden.
Vi kjøpte disse før jul, de er oppladbare og det er det beste med dem, for de vanlige batteridrevne blir latterlig fort tomme for strøm. Og som ei på Jernia kunne fortelle så er det dyrere å kjøpe nye batterier enn nye telys! Og da blir i hvert fall miljøaspektet borte.