Bergensis sa for siden:
Eg har gjort eit par blemmer på vognfronten. Bl.a. kjøpte eg ei brukt Icoo Infinity som knirkar og skranglar, skruar som detter ut (totalt 3 til no), bumperbar som henger og slenger og svivelhjul som i starten ikkje gjekk rundt. Holdt på å bli klemt fast i ei t-banevogn pga. at svivelhjula sto på tverke. Etter eit par rundar med silikonspray retta dette seg, men dog.
Me skulle opprinneleg kjøpe Spirit frå Lilleprinsen. Me bestilte i januar, men Teutonia og/eller Lilleprinsen fekk leveringsproblem, og kunne ikkje levere vogna før omlag 6 veker etter at Gryntaren var venta. Derfor måtte me hive oss rundt og kjøpe ei anna vogn. Me enda opp med Quinny Freestyle Comfort, og har egentlig vore fornøyd med den. Det er berre det at den er så kronglete å legge saman og den tar enormt med plass i bagasjerommet. Eg har imidlertid fått solgt den vidare med eit totalt tap på 1500.- Heilt ok sum å føre på tabbekontoen (som forøvrig har minus 2000.- for Icoo Infinity på saldoen også:o )
Eg er no på jakt etter ei vogn igjen, men er veldig redd for å gå i brukt-fella ein gong til. Me var på vogn-kikking i helga. Mannen ville ha ei Teutonia Mistral. Eg sikla på Bugaboo. Kompromisset vart Spirit S3.
Vurderer altså å kjøpe ei brukt Spirit 2006 modell. Har det skjedd endringar frå Teutonia Spirit S3 2006 modell til 2007-modellen?
Lilleprinsens pakke vil koste 5796 inkl. regntrekk, stormtrekk og porto. Lilleprinsens vogner har håndbrems.
Brukt får eg 2006 modellen for 3846.- også inkl. regntrekk, stormtrekk og porto.
Sparar altså 1950.- på å kjøpe fjorårets modell brukt.
Bør eg legge til dei siste 1754 kronene for ein 2007 modell og få med garanti, håndbrems og ny-vogn-følelsen?