nokon sa for siden:
Ubok.no er Norges største uavhengige nettstad og forening for litteraturformidling for ungdom. Nettstaden drives av ein ungdomsredaksjon som består av ungdommar under 20 og ein redaksjon med frivillige skribenter som har fagleg bakgrunn på litteraturfeltet og som både skriv sjølv og veileder unge skribenter. Foreningen Ubok har og to deltidstilsette som får honorar for arbeidet sitt, både på Ubok og ved å reise rundt og halde foredrag om ungdom og lesing.
I tillegg til bloggmagasin med daglege oppdateringar og ulike temamånader, er det eit forum kor ungdom kan diskutere bøker og lesing. Det er her ungdomsredaksjonen blir rekruttert. I tillegg til å skrive innlegg, er ungdomsredaksjonen med på å styre tematikken for dei voksne skribentene og velje ut kva bøker som skal anbefalast. Dette etter tankegangen om at Ubok ikkje skal vere ei webside kor voksne, foreldre, lærara og bibliotekarer vel bøker ungdommar skal lese, men kor anbefalingene kjem frå ungdom sjølv. Les meir herubok.no/info/.
Denne nettsida er ein enorm ressurs for primært ungdom og sekundært lærarar og bibliotekarer og andre som jobber med formidling av litteratur og leseglede for ungdom. Mange av medlemmene opplever at dei er relativt aleine om å like å lese i klassen eller i nærmiljøet, og føler at dei finn tilhøyrigheit til likesinna gjennom forumet. Og foreldre og lærarar kan gå inn og søke på boktitler og finne ut kva ungdom sjølv seier om dei.
Tidlegare har arbeidet blitt finansiert av støtte frå Fritt Ord og Kulturrådet, men i år har dei fått avslag på søknadene sine. Derfor jobber dei med å finne alternative måter å finansiere arbeidet på, for å kunne halde på rolla som gratis og uavhengig formidlar, utan reklame/bindinger til forlag og butikkar.
Sidan det er mange her som er opptatt av ungdom og lesing, har eg lyst til å fortelje om dei alternative måtane Ubok forsøker å samle inn støtte til vidare drift på:
-
Enkeltpersonar eller bedrifter kan bli Ubok-supportere, som betyr at du registrerer deg og betaler 250 kr. året (eller meir, om du vil) for å støtte arbeidet. Les meir her: ubok.no/supporter
-
Ein kan ta ein dugnadsquiz (med premie) om ungdom og lesing, ungdomsbøker og liknande. Denne quizen koster det 30 kr. å ta: dugnadsquiz.no/ubok/
Eg håper FP er interessert i å undersøke om Ubok er noko for leseglade FP-barn. Og så håper eg dei på FP som synest dette er eit godt arbeid, kan spandere 30 kr. på ein quiz eller bli ubok-supporter.