Ver så grei og fortel meg at det går an å reversere synkronisering via iCloud. Nå har eg søkt ganske lenge, utan å finne gode søkeord som gir svar, men etter siste oppdatering av iOS på macen, har eg klart å synkronisere kontaktar med utgangspunkt i ei hauggammal telefonliste som låg inne på macen. Det vil seie at eg har mista ein heil del telefonnummer frå telefonen si kontaktliste. I tillegg har alle som ikkje låg inne med etternamn for lenge sidan mista etternamnet sitt. Ikkje at det er så viktig, men litt irriterande er det jo.