Eg prøver å finne forskjellen og namn på dei ulike type lefser.
Eg har fått oppskrift frå mormor på vanlege kvardagslefser. Desse er litt tjukke, blir lagt saman to og to, og skjært opp i snipper.
Så er det lefser som blir kjevla med kråtakjevle. Eg lurer på om det er to varianter ute å går her?
Den oppskrifta som eg fekk av mormor, er lefser som blir kjevla ut tynne tynne, steik og så tørka. Desse skal bli bløtlagt før bruk, og blir bretta saman og skjært opp i rektangler.
Og så har funne ein annan variant som eg ser blir kalla kråtakaker. Desse blir holdt fuktige og smurt med ein gong, dei er steikt.
Men er dette igrunn samme type lefse, berre at ein har ulik framgangsmåte?
Og dersom ein skal lage lefser for å til forret med laks eksempelvis, kva type lefser er det ein lager då?
Veit farmor bakte noko som blei kalla for kling. Det minna om mormor sine mjuke lefser, men var ikkje det samme. (eller like gode :sparke: ) På det området vant nok vestlandet over østlandet.
Vi bruker kling til pinnekjøtt og fisk. Til kling bruker Vi tynn lefse som blir dynka med vatn og delt i 8. Fins ei lefse-gruppe på fb som du kan søke opp og melde deg inn i. Masse fine oppskrifter. Mamma som meldte meg inn men eg rekk aldri bake. :lol:
Vi hadde en dame hos oss da vi var barn som bakte lefser som hun stekte rett på konfyren (gammeldags komfyrtopp) og som hun frøs uten å legge noe sukker/kanelgreier på. De var ganske tykke og litt søte. Lurer på hva de het? Skikkelig gode å hente opp og spise halvfrosne uten noe på etter skolen. :knegg:
Potetlefse til feks laks og sylte, det er superenkelt og knallgodt.
Jeg pleier å lage av 5 kg mandelpoteter, og det blir lefser og lomper nok til to familier helt til påske.
Du må koke potetene dagen før, det er viktig å huske for seigheten.
Er ikkje lefser i ditt avsnitt to og kråtakaker (krotakaker) det same? Kanskje eg hugsar feil, men eg trudde det var same, berre at dei kunne bløytast eller brukast som flatbrød. Skal spørje Mammo seinare idag.
Jeg har aldri hørt om noen av disse. Lurer på om det er store forskjeller på hva lefsene heter i ulike deler av landet. De typene jeg kjenner navnet på kalles tjukklefse, tynnlefse og krinalefse her.