Då er innleggs og poengreinsa passert og eg kan skriva blogg. Jippiiiii! Eller...
Kvar vart det av alle ideane eg såg for meg skulle koma strøymande som ut av ei Pandoras yskje? Må visst filosofera litt meir rundt skildringa av kva bloggen min liksom i grove trekk skal handla om.
Er min fyrste private blogg dette, så det vert litt spanande for meg sjølve å sjå kva eg får utav det.
Det er like før leggetid no og den uunværlege nattapraten med min Elskede, så eg trur det vert med denne lille "introen" i denne omgang. Ei natts svevn gjer kanskje underverk og inspirasjon - eg veit det ligg mykje i emning her inne i meg som kan fortena å koma ut i det fri. Me ser...
Ei natts svevn? Åååå - hvordan dialekt er dette? Jeg elsker dialekter. Virkelig!!! Jeg pleier å stjele dem som en ravn og kose meg med dem. :bryter sammen og tilstår mange dårlige egenskaper: