Den vart kanskje litegranne dyster den overskrifta der...men eg trur eg let ho stå. Syns ho var høveleg fin.
Er'kje så dramatisk som det kanskje kunne verka: Eg sit her og kosar meg med ein kopp myrkbrend kaffe medan eg ventar på at frukostegget skal koka seg ferdig. (Ikkje er Min Elskede på nett heller så då kan eg likasågodt skriva blogginnlegg)
Her er kaffe'n:
Er'kje noko avanserte greier frå det lokale kaffebrenneriet eller Java Mocca Senegal(Fair Trade) eller noko slikt. Berre Coop Continental, men til posekaffe å vera er han veldig god. Og han er myrk, mystisk og fyldig(nett som meg - hihi - men det var berre ein vits, altså).
Ahhh, gode kaffe'n. No skal det etast. Egget er ferdig. Ha ein fenomenal laurdag, alle.
Mørkbrent kaffe er godt - hilsen meg som har drukket min andel av den kaffen du har kjøpt inn til din elskede i løpet av gårskvelden og denne formiddagen. :jupp:
Så nydelig ut den kaffen din.
Jeg elsker svart, brent, mørk, sterk kaffe selv. Det værste jeg drikker er dårlig og tynn traktekaffe. Da står jeg heller over hele kaffen.
...men eg er eigentleg ikkje så veldig kresen. Har adoptert utsegna til ein kompis:
"Ingenting er så godt som god kaffe, men dårleg kaffe er betre enn ingen kaffe"
Foreldreportalen er i en flytteprosess, denne versjonen av FP er fortsatt under utvikling.
Hvis du vil svare i bloggen, så kan du gjøre det her.