Kalenderpiken sa for siden:
[CENTER]FORELDREPORTALENS FANTASTISKE FØRJULSTRADISJON
8. årgang
12
[1 Taien] [2 Palmen] [3 Fersken] [4 tink] [5 Inagh] [6 Høst]
[7 Lorien] [8 Adrienne] [9 Anne C] [10 Meissa] [11 Albertine] 12 Hjertensfryd
[13 annemede] [14 Kirsebær] [15 Matilda] [16 Pappalille] [17 Tallulah] [18 Che]
[19 Angelique] [20 Teofelia] [21 Nextlife] [22 Kanina] [23 IOA] [24 pøbelsara][/CENTER]
Det var med skrekkblanda fryd, eg såg at eg hadde fått ei luke i den tradisjonsrike julekalenderen. Og ideen om kva luka skulle innehalde var ganske raskt klar.
I jula, lagar mange av oss mykje godt. Me eter snop og julemat til magen står i spenn. Men kva ville vel julemat og alt det andre, vert utan tilbehøret. Ein liten detalj som kan vera med på å løfta heile måltidet. No skal eg ikkje påstå, at mi lille oppskrift vil løfta kvart eit måltid, men eit fint tilbehør, det er det. Og det er eit tilbehør som går til julematen og til ost og kjeks. Noko nyter det til og med på brødskiva aleine.
Rødløksmarmelade!
3 rødløk i tynne skiver
2-3 ss olivenolje
Kajennepepper
Spisskummin
1 ts revet ingefærrot
2 ss hvitvin eller 1 ts hvitvinseddik
1/2 dl balsamicoedikk
ca 2 ss sukker
Blåbær
[CENTER]
[/CENTER]
Ta olje, spisskummin og kajennepepper i ei gryte og rør krydderet inn. ( underteikna kan fortelle om litt for mykje kajennepepper i denne omgangen)
[CENTER][/CENTER]
Ta dei finkutta rødløksskivene oppi gryta og ha i revet ingefær. La dette surre i olja til løken er blank og mjuk.
[CENTER][/CENTER]
Tilsett hvitvin (eller hvitvinseddik) og balsamicoedikk og la væsken koke inn på svak varme.
[CENTER][/CENTER]
Tilsett sukker og la dette surre med til det er oppløyst og løkblandinga er karamellisert.
[CENTER]
[/CENTER]
Og så min lille ekstra ingrediens. Nemlig blåbær. Her kan ein kutte dei heilt ut eller erstatte med solbær, tranebær, deteinharlystpåbær. Fleire muligheter altså.
[CENTER][/CENTER]
No bør sjå nokon lunde slik ut
[CENTER][/CENTER]
Ha marmeladen på steriliserte glass og sett på lokk umiddelbart. La denne bli avkjølt og sett den så i kjøleskap. Uopna glass er holdbar i fleire månader, opna glass bør brukast innan 1-2 veker.
[CENTER][/CENTER]
Dette er fine små julepresanger for dei som liker å gje spiselige gåver. Passer til ribbe, storfekjøtt, kalvekjøtt, kvit fisk, ost og sikkert fleire ting med.
Jula for meg er ikkje berre mat, den er og musikk. Så her er mi lille speleliste, med dei sangane som går hyppigast på repeat her i heimen. Litt allsang, litt til å nyte og litt som berre er tull. De får sjølv avgjere kva som er kva.
God jul frå Hjertensfryd.