Kalenderpiken sa for siden:
[CENTER]FORELDREPORTALENS FANTASTISKE FØRJULSTRADISJON
9. årgang
13
:lys:
[1 Taien] [2 Albertine] [3 Adrienne] [4 Najade] [5 Prima] [6 Nenne]
[7 Che] [8 Tallulah] [9 Tjorven] [10 Java] [11 Skilpadda] [12 Miley]
13 Hjertensfryd [14 pøbelsara] [15 Ru] [16 noen] [17 LilleLeo] [18 Nextlife]
[19 Tangerine] [20 Teofelia] [21 Lorien] [22 Toffskij] [23 007] [24 Tåtti][/CENTER]
Jada, det er Lucia dagen og alt. Men då eg trakk lodd så hadde eg allereie planlagt denne luka. Og då eg såg kva dag eg fekk, så fann eg ut at eg ikkje ville endre på den. Så dersom nokon kom innom for å finne oppskrift på lussekatter, så må dei nok kikke ein annan plass.
Dagens luke er ein liten juleverksted ting. Og denne kan vera artig både for liten og for stor.
Ein trenger.
Store muffinsformer frå Ikea, sementblanding (kan blant anna kjøpast på Panduro), store plastglass til å blande i. Telys, plastfolie og litt maling, pensler og eventuelt anna dill.
Ein startar med å lage til sementblandinga og ha denne over i muffinsformene.
Pakk så inn telyset i plastfolie og plasser denne nedi sementen, der du vil ha lyset.
La det så tørke. Her har det stått i nokre dagar.
Ta ut av formen og mal i vei
Her er det igrunn berre fantasien som setter grenser. Ein kan og lage med stearinlys. Pakk inn den delen du stikker nedi sementen med plastfolie.
Ein liten, men tung, julepresang er klar.